Odd Evensen (fødd 27. juli 1946) er ein tidlegare sprintar frå Porsgrunn som åra 1972, 1975 og 1977 vart norsk meister på 400 meter. Han melde seg i 1964 inn i Urædd og representerte sidan klubben i friidrett.

Odd Evensen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1946 (78 år)
Idrett friidrett

Karriere endre

Åra frå 1969 til 1978 sanka Evensen, i tillegg til dei tre NM-gulla på 400 m, i norske meisterskap ein sølv- og ein bronsemedalje på 400 m, samt tre bronsemedaljar på 200 meter. Han var elles ankermann for Urædd-mannskapa som i 1976 vann 1000 meter stafett i noregsmeisterskapen, og som åra 1975, 1977 og 1979 tok NM-sølv på stafetten.

Evensen sette i 1972-sesongen personlege rekordar på 200 meter med 21,9 sekund, og på 400 m med 47,5 sekund, før han kneip gullmedaljen på 400 m. To år seinare presterte han livsbeste på dei to distansane, fekk då notert 21,7 på 200 m og 47,48 på 400 m. Den sistnemnde tida var årsbeste i Noreg, det var også 47,9 sekund på 400 m i 1975.

Medaljar i noregsmeisterskap endre

Kjelder endre