Odd Inge Olsen

norsk fotballspelar

Odd Inge Olsen (fødd 28. desember 1969) er ein tidlegare fotballspelar frå Hitra i Sør-Trøndelag. Han var 1996–2001 aktiv i Molde Fotballklubb og 2001–2004 i Rosenborg Ballklub. I de fleste år ein innsatsfylt midtbanemann, til sist forsvarsspelar.

Odd Inge Olsen


Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. desember 1969 (54 år)
Hitra kommune
Idrett fotball

Karriere endre

Klubbspel endre

Olsen spelte i 1987 og 1988 på Kolstad i femtedivisjon. Åra mellom 1989 og 1994 var han aktiv for Melhus IL, bortsett frå vårsesongen 1991, då han var Strindheim-spelar. Etter å ha spelt på Nardo sitt lag i 1995-sesongen, vart han overført til Molde FK mot 140 000 kroner. Frå 1996 til august 2001 var Olsen ein iherdig midtbanespelar på Molde sitt lag i eliteserien. Gjennom aggressiv innsats og mange skåringar bidrog han til at laget kom på andreplass i eliteserien i så vel 1998 som 1999. Etter over 200 kamper i MFK-trøya, vart han i august 2001 overført til Rosenborg BK mot 2,5 millionar kroner. I RBK måtte Olsen oftast starte som innbytar, men fekk nok kampar til å verte seriemeister kvart år 2001–2004. I 2005 og 2006 var han sideback i Stabæk IF til han vart skadd og la opp.

Landslagsspel endre

4. september 1997 fekk Olsen 7 minutt som innbytar mot Aserbajdsjan i Baku. Vel ein månad seinare spelte han andreomgangen i ein mållaus kamp mot ColombiaUllevaal stadion.

Merittar endre

Seriemeister: 2001, 2002, 2003, 2004 med Rosenborg BK Sølvmedalje i serien: 1998 og 1999 med Molde FK

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre