Odd Kåre Rabben
Odd Kåre Rabben (4. mars 1976–18. februar 1993) vart kjend som ein av dei fyrste i Noreg som stod offentleg fram som HIV-positiv etter at han hadde blitt smitta gjennom eit infisert blodprodukt som han trong fordi han hadde hemofili (blødarsjuke).
Odd Kåre Rabben | |
Fødd | 4. mars 1976 |
Død |
18. februar 1993 (16 år) |
Rabben hadde tre eldre brør og to av dei var også blødarar akkurat som Odd Kåre. Det fanst ingen medisinar mot HIV/AIDS på denne tida. Odd Kåre Rabben blei diagnostisert med HIV i mai 1985, og i september 1989 hadde han fullt utvikla AIDS. Den 18. september 1990 stod Rabben offentleg fram som HIV-positiv. På denne tida blei HIV/AIDS vanlegvis forbunde med homofili, og var ei tabubelagt liding.
6. februar 1992 blei Odd Kåre Rabben invitert på vitjing til kongen og dronninga på Slottet. Rabben sat også i ein jury som plukka ut den norske Melodi Grand Prix-melodien i 1992. Rabben døydde før han rakk å fylle sytten år. Før han døydde, spelte Rabben inn ein kassett med songar og han var med på å opprette Odd Kåres støttefond til HIV-forskning på Rikshospitalet som alle inntektene frå kassetten gjekk til. Mor hans, Vigdis Rabben, gav seinare ut boka Ei hand å holde i om sonens liv og hans kamp mot HIV og AIDS. Boka blei publisert på Lunde forlag.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |