Oddbjørn Hagen (3. februar 190825. juni 1983) var ein norsk skirennar og verksmeister frå Ytre Rendal i Hedmark. Han vart verdsmeister i kombinert i 1934 og 1935, og olympisk meister i same øvinga i 1936. Hagen hevda seg i verdstoppen både i langrenn og kombinert. Han busette seg i Oslo og var medlem i Bækkelaget SK.

Oddbjørn Hagen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. februar 1908
Engerdal kommune
Død

25. juni 1983 (75 år)
Skedsmo kommune

Yrke skihoppar, langrennsløpar, kombinertløpar
Oddbjørn Hagen på Commons
Oddbjørn Hagen i Holmenkollen i kring 1935

Aktiv endre

Hagen, som var son til ein skogsarbeidar, tok sin fyrste store triumf i skisporet då han vann kombinertrennet i Holmenkollen i 1932, ein prestasjon han gjentok i 1934, då han vart tildelt Holmenkollmedaljen, og i 1935. I 1936 gjekk han til topps på 18-kilometeren i Kollen-løypene.

Hagen vart verdsmeister i kombinert under ski-VM 1934 i Sollefteå, der han med sjetteplass på 18 km også vart beste nordmann i tevlinga. På stafetten gjekk han ankeretappen og vart slått på målstreken av Sveriges ankermann i kampen om VM-bronsen. I 1935 forsvarte Hagen VM-tittelen i kombinert i Vysoké Tatry i Tsjekkoslovakia. Han fekk elles sølvmedaljar på høvesvis 18 km bakom Finlands Klaes Karppinen, samt i 4x10 km stafett.

Under OL 1936 i Garmisch-Partenkirchen tok Hagen tre medaljar. På 18 km langrenn kom han på sølvplassen etter svenske Erik-August Larsson. Han gjekk så opningsetappen i den spanande stafetten der Noreg vart slått av Finland med fattige seks sekundar. Den største triumfen kom i «den norske paradegreina» kombinert, der han sigra føre landsmennene Olaf Hoffsbakken og Sverre Brodahl.

Kjelder endre

  • Gyldendals store konversasjonsleksikon. 1972