Odesa

by i Ukraina
(Omdirigert frå Odessa)

Odesa (ukrainsk skrift Одеса, russisk Оде́сса, Odessa) er den tredje største byen i Ukraina med litt over éin million innbyggjarar. Byen har ei stor hamn og ligg ved nordvestkysten av Svartehavet og er det administrative senteret i Odesa oblast. Byen er oppkalla etter ein gresk koloni frå antikken som heitte Odessos.

Odesa
ukrainsk Одеса, russisk Одесса
by
Flagg
våpen
Land  Ukraina
Oblast Odesa oblast
Bykommune Odesa
Høgd 40 moh.
Koordinatar 46°28′00″N 30°44′00″E / 46.46667°N 30.73333°E / 46.46667; 30.73333
Areal 236,9 km²
Folketal 1 003 705  (1. juli 2011)
 - storby 1 191 000
Folketettleik 4 237 / km²
Hamn grunnlagd 2. september 1794
Borgarmeister Aleksej Kostusev
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 65000–65480
Retningsnummer +380 48
Kart
Odesa
46°28′39″N 30°43′57″E / 46.47747°N 30.73262°E / 46.47747; 30.73262
Wikimedia Commons: Odesa
Nettstad: www.odessa.ua

Føregjengaren til Odesa var ein liten tatarisk busetnad grunnlagd av Hacı I Giray, khanen av Krim-khanatet, i 1240 og opphavleg kalla opp etter han som Hacıbey. Etter ein periode under litauisk kontroll, vart han underlagd Det osmanske riket i 1529 og vart verande her fram til tyrkarane tapte den russisk-tyrkiske krigen i 1792. Byen Odesa vart grunnlagd etter påbod frå tsarina Katarina den store i 1794. Frå 1819 til 1858 var Odesa ei frihamn. Under Sovjetunionen var byen ei viktig handelshamn og ein viktig marinebase.

På 1800-talet var Odesa den fjerde største byen i Det russiske imperiet, etter Moskva, St. Petersburg og Warszawa.[1] Den historiske delen av byen har ein arkiktektur som er meir middelhavsk enn russisk, og har vorte kraftig påverka av franske og italienske stilar. Somme bygjingar er bygd i ei blanding av forskjellige stilar, inkludert Art Nouveau, renessansen og klassisismen.[2]

Odesa er ei isfri anløpshamn, og i tillegg til sjølve Odesa ligg òg Juzjne i nærleiken, ein internasjonal viktig oljeterminal. Ein annan viktig hamneby, Illitsjivsk, ligg òg i same oblast, sørvest i Odesa. I lag er dei eit stort transportknutepunkt.

Geografi endre

Odesa ligg ved Svartehavet ved Odessabukta, kring 31 km nord for estuaret til elva Dnister og 443 km sør for hovudstaden Kyiv.

Plasseringa ved kysten av Svartehavet gjer at byen har ein blømande turistindustri og den kjende Arkadiastranda er ein populær badeplass. Det er òg store sandstrender nord for byen.

Klima endre

Odesa har eit fuktig subtropisk klima (Köppen si klimaklassifisering: Cfa)[3] nær grensa til kontinentalklima (Dfa) og steppeklima (BSk). Årsmiddeltemperaturen i sjøen er 13-14 ºC, medan temperaturen i havet i august når 23 ºC i snitt.[4] Byen har typisk tørre, relativt milde vintrar, med temperatur sjeldan under -3 ºC. Om somrane kjem det derimot meir nedbør med temperaturar opp mot 30-35 ºC. Byen får stundom snø, men han ligg sjeldan lenge.

Vêrdata for Odesa, 1981-2010
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 15,1 18,6 24,1 28,5 33,3 35,6 39,3 38 32,4 30,5 26 16,3 39,3
Gjennomsnittleg maks °C 2,2 2,7 6,6 13 19,5 24 27 26,5 21 15 8,4 3,7 14,1
Døgnmiddeltemperatur °C −0,5 −0,2 3,5 9,4 15,6 20 22,6 22,3 17,2 11,6 5,7 1,1 10,7
Gjennomsnittleg min °C −2,8 −2,6 1 6,6 12,1 16,3 18,5 18,2 13,5 8,6 3,2 −1,2 7,6
Lågast målte °C −26,2 −28 −16 −5,9 0,3 5,2 7,5 7,9 −0,8 −13,3 −14,6 −19,6 −28
Gjennomsnittleg nedbør mm 34 37 32 27 36 49 45 38 43 34 41 35 451
Gns. dagar med regn 9 7 10 11 12 13 10 8 9 10 13 10 122
Gns. solskinstimar i månaden 77,5 81,9 124 186 263,5 291 313,1 300,7 240 170,5 78 55,8 2 182
Kjelde: pogoda.ru,[5]Hong Kong Observatory (sun only).[6]

Historie endre

 
Operaen i Odesa.

Odesa vart grunnlagd i 1794 på land som nyleg hadde vorte annektert av Russland frå Det osmanske riket. Då fanst det berre eit fort der.

Då det tyske åtaket på Sovjetunionen byrja 22. juni 1941, låg Odesa i åtaksområdet til den 4. rumenske arméen, som hadde rask framgang mot den sovjetiske 9. arméen. Slaget om Odesa byrja då byen vart nådd 5. august 1941. Sovjetleiinga erklærte Odesa som forsvarssone, der restar av troppane på tilbaketog slutta seg til dei ca 35 000 forsvararane i byen (marine og friviljuge). «Underbyen» (hòleaktige steinbrot) vart bruka til dekning. Forsterka via sjøen kunne garnisonen halde stand mot alle rumenske åtak heilt til oktober. Stoda vart likevel vonlaus på grunn av den tyske framrykkinga mot Krimhalvøya, så Odesa vart evakuert frå 1. oktober. Den sovjetiske svartehavsflåten bringa i dagane fram til 16. oktober 70 000 soldatar og sivile til Sevastopol på Krim.

I mars 1944 fekk den sovjetiske «3. ukrainske front» i oppdrag å rykkje fram til elva Dnister og gjenerobre Odesa. Frå fleire bruhovud på høgre breidda av elva Søndre Buh gjekk tre sovjetiske arméar i slutten av månaden til åtak på den tyske 6. arméen. Denne kunne berre føre opphaldande defensiv strid, og var truga i ryggen av sterke partisangrupper. Den 10. april måtte tyskarane rømme Odesa og kome seg over på hi sida av Dnister. Med tapet av denne hamna gjekk det mot slutten for tysk krigføring i Svartehavet.

Under andre verdskrigen var Odesa altså okkupert av rumenske og tyske styrkar frå 1941 til 1944. Byen var frå desember 1941 sete for det rumenske hovudkvarteret for Transnistria. Under okkupasjonstida vart ca 60 000 innbyggjarar myrda eller deporterte, dei fleste av desse var jødar. Særleg ein massakre frå 23. til 25. oktober 1941 må minnast. Ved ein eksplosjon i det rumenske hovudkvarteret i Odesa døydde 61 personar, inkludert ein rumensk general. Den rumenske leiaren, Ion Antonescu, gav etter det ordre om at det skulle drepast 200 jødar eller kommunistar for kvar drepen offiser og 100 for kvar soldat. Frå dette utvikla det seg ein massakre der om lag 30 000 jødar vart drepne.

Næringsliv endre

Dei største næringane er skips-, petrokjemisk- og stålindustri, pluss oljeraffineri.

Arkitektur endre

Gater og hus ligg spreidde ut på terrasserte åsar omkring ei lita hamn. Arkitekturen i Odesa er sterkt påverka av Frankrike og Italia og gjev eit kontinentalt inntrykk.

Kjelder endre

  1. Herlihy, Patricia (1977). «The Ethnic Composition of the City of Odessa in the Nineteenth Century»: g. 53. 
  2. «Odessa: Architecture and Monuments». UKRWorld.Com. 2009. Arkivert frå originalen 6. mars 2012. Henta 9. september 2012. 
  3. «World Map of Köppen−Geiger Climate Classification» (PDF). 
  4. «Odessa Climate Guide». Henta 5. juni 2009. 
  5. pogoda.ru. «Погода и Климат – Климат Одессы». Henta 21. april 2012. .
  6. Climatological Information for Odesa i Ukraina Arkivert 2012-11-20 ved Wayback Machine., Hong Kong Observatory. Henta 19. mai 2012.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Odesa