Offenburg er ein by i Tyskland i delstaten Baden-Württemberg med om lag 57 000 innbyggjarar. Byen er den største i landkreisen Ortenaukreis.

Offenburg
Sentrum i Offenburg
Sentrum i Offenburg
Sentrum i Offenburg
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Offenburg
Offenburg is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Baden-Württemberg
Freiburg
Ortenaukreis
Først nemnd i 1148
Ordførar Edith Schreiner (CDU)
Geografi
Flatevidd
 - By

78,39 km²
Innbyggjarar
 - By (2012)
   - folketettleik

57 328
  731/km²
Koordinatar 48°28′0″N 7°56′0″E / 48.46667°N 7.93333°E / 48.46667; 7.93333
Høgd over havet 163 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 77652, 77654, 77656
Telefon-retningsnummer 0781
Bilnummer OG, KEL, LR, WOL
Heimeside: www.offenburg.de

Geografi endre

Offenburg ligg nær Rhinen mellom Karlsruhe og Freiburg. Den franske byen Strasbourg ligg rett vest på andre sida av Rhinen. Offenburg ligg ved munningen av elvedalen Kinzig. Kinzig renn ut av Schwarzwald og møter Rhinen nær Kehl.

Historie endre

Byen vart først nemnd i skriftlege kjelder frå 1148. I 1240 hadde Offenburg alt vorte ein fri keisarby. Byen vart nesten heilt øydelagd under niårskrigen. I 1803 mista Offenburg statusen sin som fri keisarby og kom inn under storhertugdømet Baden.

Offenburger Programm, som inneheldt tretten krav «i innbyggjarane av Baden sitt namn», vart kunngjort i Offenburg 12. september 1847 i oppkjøringa til den badenske revolusjonen under revolusjonane i 1848. Dette var det første demokratiske kravet i Tyskland. Offenburger Programm kravde grunnleggande rettar og menneskerettar, i tillegg til pressefridom og ein progressive sturktur for inntektsskatt. 19. mars 1848 vart kravet stadfesta av 20 000 medlemmar av Offenburg folkeforsamling.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Offenburg