I denne artikkelen blir
denne notasjonen nytta:
B♭ og H.

Ein oktatonisk skala er eit samleomgrep på skalaer med åtte tonar. Blant dei best kjende er skalaen der tonane stig vekslande med heiltonar og halvtonar, noko som gir ein symmetrisk skala. Innan den klassiske musikken er denne skalaen berre kjend som oktatonisk skala, sjølv om det òg finst 42 andre skalaer som per definisjon kan kallast oktatoniske. Innan jazzteori blir han derimot gitt namnet dim-skala (diminished scale).

At dim-skalaen er symmetrisk gjer at skalaen blir lik som utgangspunktet om ein går opp eller ned ein liten ters, eller ein forminska kvint opp eller ned. Det gjer at det eigentleg berre finst tre dim-skalaer, som illustrert nedanfor:

  • E♭-dim (som òg er F♯/G♭-, A- og C-dim): E♭, F, F♯, G♯, A, H, C, D, E♭
  • D-dim (som òg er F-, A♭- og H-dim): D, E, F, G, A♭, B♭, H, C♯, D
  • D♭-dim (som òg er E-, G- og B♭-dim): D♭, E♭, E, F♯, G, A, B♭, C, D♭

Kjelde endre