Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Oktav».
For Oktav i liturgi, sjå Oktav (fleirtyding).

Ein oktav er avstanden mellom to tonar der den eine har dobbelt så høg frekvens som hin. Ein tone på 400 Hz ligg éin oktav over ein tone på 200 Hz, medan ein tone på 800 Hz ligg to oktavar over 200 Hz.

Ein oktav er det nest enklaste intervallet i musikken. Eit utrena øyra vil som regel taka dei to ulike tonane for den same. Av denne grunnen blir tonar i oktavhøve til einannan gjevne det same namnet i vestleg musikkteori; tonen oktaven over eller under ein A heiter òg A.

Namnet kjem av det italienske ordet ottava, som tyder åtte. Dette kjem av at det i mesta alle skalaer ligg ein oktav på det åttande steget over grunntonen i skalaen.

Innan telekommunikasjon og akustikk vert oktav nytta om ei fordobling eller halvering av frekvensen. Frekvensen 1000 Hz ligg til dømes ein oktav over frekvensen 500 Hz og frekvensen 500 Hz ligg ein oktav under frekvensen 1000 Hz. Det er òg vanleg å måle eit frekvensinterval i oktavar. Til dømes dekkjer den menneskelege høyrselen grovt sett frekvensintervalet 20 Hz til 20 kHz, som svarar til om lag 10 octavar.

Ordet «oktav» kan òg brukast om andre ting som går på åtte, til dømes ein åttedagarsbolk. Hjå romerane var det vanleg at om det 8. barnet var ein son vart han kalla Octavius, som tyder 'den åttande'.

Sjå òg endre