Ola Honningdal Grytten


Ola Honningdal Grytten (fødd 30. mai 1964 i Göteborg) er ein norsk økonom og økonomisk historikar. Han er professor ved Institutt for samfunnsøkonomi ved Noregs handelshøgskole (NHH) og professor II ved Hauge School of Management (NLA). Han var i perioden 2001–2010 og er frå 2017 spesialrådgiver for Noregs Bank og i perioden 2012-2018 professor II ved NTNU Ålesund. I tillegg har han vore medlem av beredningsgruppe for Sveriges Riksbank.

Ola Honningdal Grytten

Fødd30. mai 1964
Göteborg
NasjonalitetNoreg
Yrkeprofessor, historikar

Utdanning og yrkesrøynsle endre

Grytten er utdanna siviløkonom frå Noregs handelshøgskole (1986–1990) og cand.oecon. frå same stad (1990–1992). Han fullførte doktorgraden på NHH i 1994 (1992–1994). I samband med doktorgradsarbeidet heldt til han halvanna år ved London School of Economics and Political Science (LSE). Han har vore stipendiat ved Noregs Handelshøgskole, førsteamanuensis ved Noregs Handelshøgskole og Universitetet i Bergen før han i 1999 vart professor ved Noregs Handelshøgskole. Han har i tillegg vore sjefsredaktør for Scandinavian Economic History Review frå 2003 til 2007 og professor II og spesialrådgiver i Noregs Bank (2001–2010 og igjen frå 2017). I perioden 2011-2012 var han vore tilsett som forskingsleiar i prosjekt hos DNB og frå 2012 som professor II ved Høgskulen i Ålesund, som no er ein del av Noregs Teknisk Naturvitskaplege Universitet (NTNU).

Grytten har sidan 2011 sete i programstyret for forskingsstiftelsen Riksbankens Jubileumfond i Sverige. Han har vore med å vurdera faget økonomisk historie på svenske høgskular og universitet.

Grytten har vore forfattar og medforfatter av meir enn 30 bøkar og eit 150-tals vitskaplege og populærvitskaplege artiklar publisert i norske og internasjonale forskingstidsskrift. Han har vore gjesteprofessor ved universitet i Storbritannia, Nederland, USA Canada og Aust-Europa.

Forskingsområde endre

Grytten har særleg forska på historiske makroøkonomiske seriar for prisar frå 1400-talet, lønninger frå 1700-talet og bruttonasjonalprodukt frå 1800-talet og fram til i dag. Han har rekonstruert historiske nasjonalrekneskapar for åra før offisiell nasjonalrekneskapsstatistikk vart innført rett etter krigen. Gjennom hans arbeid har Noreg fått ein sammenhenngende bruttonasjlonalprodukt-serie frå 1800 og fram til i dag.[1]

Han har òg konstruert arbeidsledighetsstatistikk for krisene i mellomkrigstiden, sidan datiden mangla påliteleg offisiell statistikk. Han konkluderer med at ledigheten 1920-1939 var ein tredel av kva som tidlegare hadde vore anteke. Detta bringer norske ledighetstall for perioden meir på linje med internasjonale anslag. Hans statistikkar om nivået på arbeidsledigheten i 1930-åra er omstridt i enkelte historikarmiljø, fordi det har vore vanskeleg å skaffa data for arbeidssøkarar som ikkje var fagorganisert.[2] Han har likevel fått internasjonal heider for å ha braka dei norske ledighetstallene på eit sammenlignbart nivå i tilhøve til internasjonal arbeidsmarknadsstatistikk. Internasjonalt har hans anslag av ledigheten både i Noreg og i ei rekkje andre land nytt betydeleg heider.

Grytten har òg berekna nominelle og reelle norske løner tilbake til 1726 etter industri og yrke og ein eigen norsk konsumprisindeks tilbake til 1492. Dei seinare år har han konsentrert seg om å tolka resultata av beregningene, blant anna gjennom artiklar om historiske finanskriser i nasjonale og internasjonale tidsskrift. I eit av desse arbeida påpekar han manglande samvariasjon mellom konjunkturar og inflasjonssyklar og stiller spørsmål ved delar av grunnlaget for dagens inflasjonsmål for pengepolitikken.Mal:Hvilken Nokon av desse arbeida er utført i samarbeid med hans kollega, samfunnsøkonomen Arngrim Hunnes.

Han har forska på Hans Nielsen Vert hauga og innverknaden til haugianismen på norsk næringsliv. Her har han hevda at den var avgjerande for gjennombrotet for den moderne økonomien i Noreg, særleg i kyststrøka av landet.[3] I dette arbeidet har han på grunnlag av originale kjelder berekna omfanget av haugianske investeringar heilt attende til 1797. Dette er eit tema det er skrive relativt lite økonomisk historisk forskingslitteratur om tidlegare.[treng kjelde]

Grytten har vore forfattar av ei rekkje bøker om norsk makroøkonomisk historie og næringslivshistorie som dekker utviklinga til norsk økonomi frå 1700-talet og fram til i dag. Han har vore redaktør for ei artikkelsamling om historiske nasjonalrekneskapar i dei nordiske landa med vekt på metodeologi og empiri. Han har vidare skrive ei rekkje bøker i føretakshistorie og om bankhistorie. Den mest kjende handlar om DNBS historie frå 1855 til 1990. I tillegg har han vore medforfatter og redaktør for bøker innan norsk og internasjonal økonomisk historie, og dessutan i ei bok og miljø og utvikling.

Ein av hans mest kjende bøker er likevel innan kirseøkonomi, saman med førsteamanuensis dr econ Arngrim Hunnes. Her vert integrert kriseteori, krisemodellar, finansiell anatomi, metode og empiri til ei samanfattande framstilling om internasjonal kriseøkonomi. iI bøkene innan føretakshistorie, har han integrert rein føretakshistorie med andre fagfelt, som makroøkonomisk historie, makro- og mikroperspektiver.

I den seinare tida har Grytten òg levert fleire bidrag innan historisk kriseøkonomi, der han kombinerer finans, makroøkonomi og økonomisk historie gjennom teori, metode og empiri. Innan kriseøkonomi har han spesielt spesialisert seg på finanskriser, bankkriser og bustadsmarknaden. I 2018 leverte han to bidrag om historiske og notidige boligbobler, der han peikar på at boligbobler nesten utan unntak har karakter av å vera såkalt ikkje-euforiske. Det vi si at dei er svært vanskelege å oppdaga i samtid.

Fagprofil endre

Grytten vert rekna som ein kvantitativt rett økonomisk historikar med hovudvekt på makroøkonomi. I tillegg reknast han som ein av Noregs mest kjende kriseøkonomar. Hans arbeid ber preg av at han er ein økonom og historikar som særleg nyttar kvantitative kjelder og tilarbeiding av desse kombinert med makroøkonomisk historisk forsking. Han har òg nytta denne forskinga som grunnlag for kommentarstoff i media.

Han står i dag som ein framtredande representant for den såkalte «bergensskolen» i økonomisk historie. Den ber preg av kvantitativ og teoretisk rett tilnærming til empirisk-historiske emne. Denne retninga har møtt betydeleg motstand for sin forskingstilnærming i ein del historikarmiljø i Noreg, fordi den vert rekna å vera for tett knytt opp til økonomifaget. Samstundes er den internasjonalt anerkjent og har vorte den dominerande retninga innan økonomisk historie internasjonalt.

Grytten opptrer difor ofte som ekspertkommentator i TV og radio og som spaltist i ein fleire aviser.

Sosialt engasjement endre

Politisk har Grytten vist seg som ein balansert Israelsvenn, som samstundes er oppteke av palestineres og spesielt kristne palestineres situasjon gjennom humanitært arbeid, debattar, artiklar og foredrag. Han kan plasserast i sentrum-høgre av norsk politikk med sans for liberalisme, verdikonservatisme og eit humanitært og kriste engasjement. Han har delteke i eit ekspanderande internasjonalt arbeid innan Frelsesarmeen og han er medlem og leiar for ei rekkje styrar i næringslivet og frivillige organisasjonar.[4]

Prisar, utmerkingar endre

  • 2002 Bronsesvampen, NHH-eigen prisen til studentane til ein foreles som har utmerkt seg gjennom gode forelesninger
  • 2009 Kommunikasjonsprisen, Kommunikasjonssamskipnaden.
  • prisen til 2009 Masterstudentane for #framrakande innsats. Tildelt for utmerka forelesninger og rettleiing av masterstudentar NHH

Referansar endre

  1. Ola H. Grytten
  2. Arbeidsledigheten i mellomkrigstiden
  3. The Hauge Institute
  4. Foredrag om Israels folkerettslige grunnlag på MIFF.no

Bibliografi endre

  • Publikasjonar av Ola Honningdal Grytten i forskingsdokumentasjonssystemet CRIStin
  • 2012 «Gender-specific labour market convergence and family stability in Scandinavian countries (1866-2007)» (saman med Arngrim Hunnes), Journal of European Economic History, Vol 41. No 2, s. 11-46.
  • 2012 «Price stability in the periphery during the international gold standard: Scandinavia» (saman med Arngrim Hunnes), The Gold Standard Peripheries. Monetary Policy, Adjusted and Flexibility in a Global Setting. Palgrave Macmillan, s. 58-80.
  • 2012 «A Long Term View on the Short Term Co-Movement of Output and Prices in a Small Open Economy» (saman med Arngrim Hunnes), International Journal of Economics and Finance, Vol 4, No2/2012, s. 3-15
  • 2008 «Purchasing power of labour: Norwegian real wages 1726-2006», Scandinavian Economic History Review, Vol 57, No 1/2009, s. 48-87.
  • 2007 «Norwegian wages 1726-2006 classified by industry», Etrheim, Øyvind et al, Historical Monetary Statistics for Norway – part II, Noregs Bank Oslo, s. 343-384.
  • 2007 «Nominal wages in Norway 1726-1940 by occupation», Etrheim, Øyvind et al, Historical Monetary Statistics for Norway – part II, Noregs Bank Oslo, s. 231-342
  • 2005 The Economic History of Norway Arkivert 2013-10-28 ved Wayback Machine. Gryttens sammenfatning av Noregs nyare økonomiske historie for Economic History net.
  • 2004 «The gross domestic product for Norway 1830-2003», Etrheim, Øyvind et al, Historical Monetary Statistics for Norway 1819-2003, Noregs Bank Oslo, s. 241-288.
  • 2004 «A consumer price index for Norway 1516-2003», Eitrheim, Øyvind et al, Historical Monetary Statistics for Norway 1819-2003, Noregs Bank Oslo, s. 47-98
  • 2002 Norsk økonomi i det tjuande århundret (saman med Fritz Hodne). Revidert utgåve av Norsk økonomi 1900-1990 frå 1992. ISBN 82-7674-739-6
  • 2000 Norsk økonomi i det nittande århundret (saman med Fritz Hodne) ISBN 82-7674-352-8
  • 1998 Sporvegen i Bergen 1897-1997, Centraltrykkeriet/Bergen Sporveg, Bergen.
  • 1994 Økonometrisk historie. Iaktagelser om utviklinga til fagfeltet i Noreg (saman med Bjørn Basberg) i Historisk Tidsskrift 1994 s. 430-449
  • 1994 Arbeidsledigheten i mellomkrigstiden. Svar til Harald Espeli Historisk Tidsskrift 1994 73: 506-523
  • 1992 Arbeidsledighetens omfang i mellomkrigstiden i Historisk Tidsskrift 1992 s. 249-277

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre