Ola Persson Folkedal

Ola Persson Folkedal (10. januar 182328. oktober 1896) var ein hardingfelespelar og gardbrukar i Granvin, opphavleg frå Ullensvang.

Ola var fødd og oppvaksen på garden Sekse. I 1847 kjøpte han eit av bruka i Nedre Folkedal i Granvin og flytte dit. Som felespelar er han best kjend for springaren «Folkedalen». Han møtte Ole Bull og spela til honom.

Sist i 1870-åra selde Ola garden og budde så både i Skjold i Ryfylke og i Ulvik. I Skjold likte dei ikkje felespelinga hans, så han flytta tilbake til Hardanger. I 1896 reiste han til ein son i Førdesfjorden sokn og døydde der.

Kjelder endre