Olai Hillersøy (19152006) var ein norsk fiskar og motstandsmann under 2. verdskrigen.

Olai Hillersøy

Fødd 3. mars 1915
Bulandet
Død

14. mars 2006 (91 år)

Yrke fiskar

Hillersøy var frå Bulandet. Han rømde til Shetland, og kom med i den vidgjetne Shetlandsgjengen som frakta våpen og agentar til norskekysten. Han gjorde elleve turar med småskøyter, fem av dei som skipper, før han vart nestkommanderande på ubåtjagaren «Hessa». På «Hessa» stod Hillersøy til krigsslutt, og var med på operasjonar heilt nord til Helgelandskysten.

Hillersøy vart høgt dekorert av norske og britiske styresmakter for krigsinnsatsen.