Olaus Arvesen

norsk politikar

Olaus Arvesen (26. september 18301. juli 1917) var ein skulemann, journalist og politikar frå Onsøy. Han var far til fiolinisten Arve Arvesen

Olaus Arvesen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. september 1830
Onsøy
Død

1. juli 1917 (86 år)
Hamar

Yrke politikar, redaktør, advokat
Språk norsk
Politisk parti Venstre
Medlem av Norsk Kvinnesaksforening
Olaus Arvesen på Commons
Olaus Arvesen sammen med Bjørnson
Foto: Inger Barth/eier:Nasjonalbiblioteket

Olaus Arvesen var son til gardbrukaren Arve Olsen på garden Fjell i Onsøy. Han tok i 1850 ein framifrå eksamen ved seminaret i Asker, og var deretter 1851-54 huslærar hos soknepresten i Leikanger i Sogn. Frå 1855 studerte han teologi ved universitetet i Kristiania, ferdig utdanna cand.theol. i 1862. Arvesen var ein triveleg og ordhag kar, som vart kjend med både Bjørnson, Ole Vig, Ivar Aasen, Aasmund Olavson Vinje og Henrik Ibsen. Arvesen og Bjørnson var vener livet ut.

Under eit opphald i Danmark vart Arvesen oppglødd av Grundtvig sine idear om folkeopplysing og skule, tidlegare hadde han late seg inspirere av Ole Vig sine tankar om mykje det same. Saman med vennen Herman Anker starta han i 1864 Sagatun Folkehøyskole i Vang, den fyrste folkehøgskulen i Noreg. Arvesen styrte skulen åleine etter at Anker slutta på Sagatun i 1873. Skulen vart nedlagd i 1891.

Frå 1866 til 1870 var Arvesen redaktør av Kristelig Folkeblad, og 1866–72 redaktør av Hamar Stiftstidende. I 1872 starta han opp avisa Oplandenes avis og dreiv ho til 1906.

Arvesen var medlem av heradsstyret i Vang i åtte år. Perioden 1892–94 var han stortingsrepresentant for Hedemarkens amt og Venstre. Han var då medlem av kyrkjekomiteen. Ved fire stortingsval vart han 1. vararepresentant, møtte på Stortinget nokre dagar i juli 1895, samt heile 1896–97. 1895 var han medlem av konstitusjonskomiteen, 1896–97 av budsjettkomiteen.

I samband med 100-årsjubileet for folkehøgskulen og Sagatun i 1964, vart Arvesen og Anker avbilda på to frimerke: NK 558, 50 øre matt lillaraud, og NK 559, 90 øre matt fiolettblå.

Arvesen døydde på Hamar.

Bibliografi endre

  • Grundlæggelsen af Norges første folkehøiskole. 1901
  • Oplevelser og erindringer fra 1830-aarene og utover. 1912
  • Samliv med landskjendte mænd. 1915. Om: Bjørnstjerne Bjørnson, Grundtvig, Ole Vig

Kjelder endre

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff endre