Olav Gjærevoll

norsk botanikar og politikar

Olav Gjærevoll (24. september 191630. august 1994), fødd i Tynset, død i Trondheim, var ein norsk botanikar og politikar for Arbeidarpartiet.

Olav Gjærevoll

Fødd24. september 1916
Alvdal, Tynset kommune
Død30. august 1994
Trondheim
NasjonalitetNoreg
Yrkepolitikar, professor, botanikar, faglitterær forfattar
InstitusjonarNoregs teknisk-naturvitskaplege universitet
Alma materUniversitetet i Oslo
Uppsala universitet
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab
VervOrdførar i Trondheim 1958-1963
FøregangarJohn Aae
EtterfylgjarOdd Sagør

Han var utdanna cand.real frå Universitetet i Oslo i 1947. Ved Uppsala universitet tok han graden fil.lic i 1955, og doktorgrad i 1956. Han var tilsett som konservator ved Vitskapsmuseet i Trondheim frå 1947 til 1979. I tillegg hadde han ei professorstilling ved Noregs lærarhøgskole frå 1958 til 1986. Som botanikar arbeidde han mest med planter til fjells, og i arktiske strok. Utanom dei meir faglege publikasjonane, skreiv han også populærvitskaplege bøker, og dreiv opplysingsarbeid om botanikk. Hans Fjellflora (skrive saman med Reidar Jørgensen, illustrert av Dagny Tande Lid) har fast plass i lomma hos mange fjellvandrarar.

Gjærevoll var ordførar i Trondheim frå 1958 til 1963, og frå 1979 til 1981. Han var sosialminister frå 1963 til 1965, med kort avbrot av John Lyng si regjering. Frå 1965 til 1969 møtte Gjærevoll på Stortinget som fast representant for Sør-Trøndelag. I Trygve Bratteli si første regjering var han statsråd i Løns- og prisdepartementet frå 1971 til 1972, til han 8. mai 1972 blei utnemnd til den første miljøvernministeren i Noreg og i verda. Han hadde denne posten i fem månader, til regjeringa Bratteli gjekk av i oktober 1972 etter Folkeavstemminga i 1972 om Noreg sitt medlemskap i EF.

Bakgrunnsstoff endre