Ole Amundsen Buslett

Ole Amundsen Buslett (28. mai 18555. juni 1924) var ein norsk-amerikansk forfattar, diktar, bladmann og politikkar, som er rekna som faren til norsk-amerikansk litteratur.

Ole Amundsen Buslett

Statsborgarskap USA
Fødd 28. mai 1855
Gausdal kommune
Død

5. juni 1924 (69 år)

Yrke advokat, romanforfattar, politikar, skribent, dommar
Politisk parti Det republikanske partiet i USA

Liv endre

Buslett vart fødd i Gausdal i Noreg. Familien hans flytta til USA i 1868 då han var 13 år gammal. Dei busatte seg i Wisconsin, der Buslett budde til han døydde den 5. juni 1924.

Ein trur ikkje at Buslett fekk høve til å gå på skolen, men han las mykje. Han trudde at han stamma frå Magnus Brostrup Landstad og hadde derfor ein spesiell skyldnad til å gjeva røyst til det norsk-amerikanske samfunnet, på den same måten som dei romantiske forfattarane i Noreg — særleg Wergeland og Bjørnson — hadde gjort. På 1880-talet byrja han å skriva dikt og historier.

Buslett prøvde to gonger på 1890-talet å starta avisernorsk, som både kunne gjeva ut norsk-amerikansk litteratur og ordskiftast om amerikansk politikk frå eit konservativt norsk perspektiv. Han lykkast ikkje. Den første gjekk konkurs og den andre måtte seljast til Peer Strømme, som han mislikte.

1920-talet prøvde Buslett igjen å starta eit norsk blad som heitte Busletts. Han håpte å gjeva ut førti utgåver og publisera på ny mange tidlegare norskamerikanske verk som hadde blitt gløymd. Men den 5. juni 1924, nokre månader etter den fjerde utgåva kom ut, døydde han, 70 år gammal.

Verk endre

Dei fleste av Buslett sine tidlege verk gjekk føre seg i Noreg og var ikkje særleg opptekne av norsk-amerikanarar sitt liv og røynsle, bortsett frå eit dikt skrive i 1882 som heitte Skaars skjæbne som mange seier er den beste av alle verka hans. Einar Skaar er ein norsk-amerikanar som blir soldat i den amerikanske borgarkrigen. Etter krigen sluttar vendar Skaar heim igjen, men finn at huset og garden ligg i ruinar, og kona hans er dødssjuk. Han blir ikkje bitter, og byggjer eit nytt liv i lag med dottera si.

I 1894 skreiv Buslett eit historieverk om norskamerikanske soldatar i den amerikanske borgarkrigen, som heitte Det Femtende Regiment Wisconsin Frivillige. Med dette verket fekk han meir sjølvtru og på 1900-talet byrja han å skriva historier med norsk-amerikanarar som hovudpersonar. Den første av desse var Sagastolen, fortælling fra det norske Amerika, ei samling av tre historier, som blei gjeven ut i 1908. I desse verka utvikla Buslett idéane sine om norsk-amerikanarar og framtida deira. Norsk-amerikanarar stod ved eit vegskilje, sa han. Smeltedegel-ideologien ville få dei til bli vanlege «yankeear», som tydde at dei kom til å mista kulturen og identiteten sin. Men på den same tida var det ikkje mogleg eller ønskeleg å bli norske nordmenn. I «Veien til Golden Gate», ei novelle som han skreiv i 1915 seier han at vegen heim over havet er «hjemlængselens» som «ingen ville lægge om». Vegen som norsk-amerikanarar må ta er «utlængselens, som blev vor almindelige landevei, vor vei i vort land». Denne vegen må lagast av nordmenn, ikkje andre folk, men vegen vil endeleg gå til Golden Gate isaman med andre vegar som andre folkegrupper i USA lagar. Integreringa sin veg, på den andre sida, tok ein berre til «Yankeemyren». Ein som fell n edi «Yankeemyren» blei borte. Men viss norsk-amerikanarar, tysk-amerikanarar, fransk-amerikanarar og andre grupper bygde samfunna sine på sida av «Yankeemyren» kunne ho fyllast inn og bli til eit rikt land.

Buslett sitt siste verk var Fra min ungdoms nabolag, ei halvt sjølvbiografisk historie om ein norsk innvandrar i USA som blei gjeven ut i 1918. Han fekk årslitteraturprisen frå Det norske selskap for denne boka.

Bakgrunnsstoff endre