Ole Andreas Krogness

norsk fysikar

Ole Andreas Krogness (fødd 23. mai 1886 i Trondheim, død 28. mai 1934 i Fana) var ein norsk fysikar. Han arbeidde for opprettinga av eit geofysisk institutt i Tromsø, og leia instituttet frå 1918 til 1922. Han var leiande i det geofysiske forskingsmiljøet i Nord-Noreg tidleg på 1900-talet.

Ole Andreas Krogness

Fødd23. mai 1886
Trondheim
Død28. mai 1934
Fana
NasjonalitetNoreg
Yrkefysikar, meteorolog, geofysikar
Alma materUniversitetet i Oslo
BarnSynnøve Louise Holbæk-Hanssen

Tidleg liv og karriere endre

Krogness var son av presten Ole Andreas Tangen Krogness (1832–1887) og hustru Christiane Augusta Lindeman (1850–1928).[1] Farfaren var politikaren Ole Andreas Krogness. Oldefar på morssida var Ole Andreas Lindeman.

Han tok examen artium i 1904, og cand. real.-eksamen frå Universitetet i Oslo i 1912. Frå 1908 arbeidde han som assistent for Kristian Birkeland.

I juni 1912 vart han gift med Dagny Vegerd Guldberg, dotter av legen Carl Johan Guldberg. Dei fekk fem barn. Dottera Synnøve, født i 1915, vart sidan gift med økonomen Leif Holbæk-Hanssen.

Seinare karriere endre

I 1912 vart Krogness tilsett som direktør for observatoriet på Haldde. Han flytta dit med familien, og fekk i 1915 selskap av Olaf Devik med familie. Saman foreslo dei to opprettinga av eit geofysisk institutt i Tromsø, og dei flytta dit i 1918. Krogness vart leiar for Vervarslinga for Nord-Noreg fram til 1922. Han var styremedlem for Tromsø museum frå 1919 til 1923 og styreformann frå 1923 til 1928. Komiteen for de Vitenskapelige Institusjoner i Tromsø foreslo opprettinga av eit universitet same stad.

Frå 1928 var han professor i jordmagnetisme og kosmisk fysikk ved Bergens Museum. Stillinga var nyoppretta.

Han er tildelt ridderordenen av Æreslegionen og offisers grad av Italias kroneorden.

Kjelder endre

  1. Asgeir Brekke (2002). «Ole Andreas Krogness». Norsk biografisk leksikon (på norsk) (Kunnskapsforlaget).