Ole Bergesen (13. november 18328. mai 1899) var ein norsk prest og stortingsmann. Sigval Bergesen den eldre var sonen hans.

Ole Bergesen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. november 1832
Hetland kommune
Død

8. mai 1899 (66 år)
Stavanger kommune

Yrke prest, politikar
Språk norsk
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja

Bergesen var frå Hetland, der faren var kjøpmann. Sjølv vart han student frå Stavanger skole i 1851 og cand. theol. 1856. Frå 1857 var han lærar ved borgarskulen i Ålesund, deretter kateket og fyrstelærar i Farsund frå 1861. Han vart i 1869 kallskapellan i Hetland, sokneprest i Brevik 1873-80 og residerande kapellan i Kristiansand 1880-82. I 1882 tilsett som residerande kapellan, så som sokneprest 1888-89 og prost 1889-96 ved Domkyrkjas kyrkjelyd i Stavanger.

Straks etter han hadde vorte sokneprest i Brevik, vart Bergesen vald til stortingsrepresentant for Brevik. Ved neste stortingsval vart han attvald, sat til saman to periodar, 1874-79, på Stortinget. Han var i 1874 sekretær i protokollkomiteen, medlem av same 1876-79. I 1875 var han medlem av kyrkjekomiteen.

Bergesen vart i 1885 vald til landsstyreformann i Det norske misjonsselskap.

Han døydde i Stavanger i 1899.

Kjelder endre