Ole Krabbe (17583. august 1826) var ein norsk offiser fødd i Biri.[1] Han var son av major Frederick Christian von Krabbe og Ingeborg Grosens.

Ole Krabbe

Statsborgarskap Noreg
Fødd 1758
Biri
Død

3. august 1826 (68 år)
Orkdal kommune

Yrke offiser, politikar
Språk norsk

Krabbe vart offiser i 1774, og oberstløytnant i 2. Trondhjemske Infanteriregiment i 1814, oberst 1818-1826.[1]

Han vart innvald til det overordentlege stortinget i 1814 der han representerte Søndre Trondhjems amt.[2]

Krabbe var ein del av den norske grenen av den danske adelsslekta Krabbe af Damsgård.[3]

Han var innehavar av Dannebrogordenen og Sverdordenen.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet, digital utgåve side 506
  2. Biografisk informasjon om Ole Krabbe NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
  3. Krabbe af Damsgård frå Store norske leksikon