Ole Thorsen

Norsk politikar

Ole Thorsen (16. april 182225. februar 1904) var ein norsk landhandlar, gardbrukar, lensmann og stortingsmann frå Jelsa i Ryfylke.

Ole Thorsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. april 1822
Død

25. februar 1904 (81 år)

Yrke bonde, politikar
Språk norsk

Ole Thorsen var son til ein gardbrukar på garden Jelsa i soknet med same namnet. Sjølv arbeidde som handelsbetjent i Stavanger frå 1840 til -44, då han opna landhandel på Hjelmeland. Denne landhandelen dreiv han i 15 år. I 1859 kjøpte han garden Barkeland i Jelsa av svigerfaren, året etter vart han i tillegg lensmann i Jelsa. Han vart tilsett lensmann i Hetland i 1877, ei stilling han hadde heilt fram til 1899. Dei elleve fyrste åra i Hetland var han også vaktmeister ved distriktsfengselet.

Thorsen fekk plass i heradsstyret for Hjelmeland i 1848, der han seinare vart ordførar. Han var i med forlikskommisjonen både i Hjelmeland og seinare i Jelsa. Kringom 1890 busette han seg i Stavanger og var medlem av bystyret i fire år.

Ole Thorsen vart vald til stortingsmann ved fem stortingsval. Han var fjerde representant i 1857 og møtte også på det overordentlege storting 1858. Sidan vart han attvald til 1859-tinget og til 1862-63-tinget, dermed var han også til stades på det overordentlege stortinget i 1864. Perioden 1869-76 møtte han på alle tingsamlingane. I alle stortingssesjonane var han medlem av vegkomiteen, i den siste treårsperioden som sekretær. I tillegg var han frå 1862 medlem av Lagtinget, samt i 1864 medlem av jarnbanekomiteen.

Han døydde i Stavanger.

Kjelder endre