Olenjok (russisk Оленёк) er ei stor elv nord i Sibir i Russland. Elva er 2292 km lang, der rundt 1000 km kan nyttast til skipsfart, og har eit nedslagsfelt på 219 000 km². Den største sideelva hennar er Arga-Sala.

Olenjok
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 219 000 km²
Lengd 2 292 km
Middelvassføring 95,7 /s
Kjelde Det sentralsibirske platået
Munning Laptevhavet
Kart
Olenjok
67°35′17″N 105°09′16″E / 67.5881°N 105.1544°E / 67.5881; 105.1544
Wikimedia Commons: Olenyok River

Elva har utspring nord på Det sentralsibirske platået og renn frå her nordaustover gjennom Olenjok, før ho munnar ut i Olenjokbukta i Laptevhavet ved Ust-Olenjok like vest for Lenadeltaet.

Olenjok er kjend for å vere rik på fisk. Ho er isdekt over åtte månader kvar år og klimaet i området er hardt.

Historie endre

Den russiske polfararen Vasilij Prontsjisjtsjov og kona hans Maria Prontsjsjtsjova døydde av skjørbuk i dette området i september 1736, medan dei kartla kysten av Laptev Sea. Begge vart gravlagde ved munningen av Olenjok

Kjelder endre