Olesia Nikolajevna Zykina (russisk skrift Олеся Николаевна Зыкина, fødd 7. oktober 1980) er ein russisk tidlegare sprintar frå Kaluga. Ho vart i 2002 europameister på 400 meter.

Olesia Zykina


Statsborgarskap Russland
Fødd 7. oktober 1980 (43 år)
Kaluga
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000

Aktiv endre

13. juli 2001 presterte Zykina livsbeste 50,15 sekund på 400 m i Tula, Ho kom så på sjetteplass i VM-finalen på 400 m i Edmonton i 2001. I den same meisterskapen sprang ho Russland sitt lag i mål til bronse i 4 x 400 meter stafett. I 2002 forsvarte ho meistertittelen på distansen ved den russiske meisterskapen i friidrett. Under europameisterskapen 2002 i München sigra Zykina på 400 m då den tyske favoritten Grit Breuer vart slått med 0,25 sekund. På stafetten over 4 x 400 m meter møttest dei to som ankerkvinner, ei tevling der Breuer sikra tysk triumf framfor Zykina og Russland.

Zykina enda på sjetteplass på 400 meter ved VM i friidrett 2003. Russland sitt stafettlag, med Zykina på startetappen, kneip sølvmedaljen 0,01 sekund framom Jamaica. Også under Friidrett under Sommar-OL 2004 i Aten vann Zykina og Russland sølvmedaljen i 4 x 400 m stafett. Året etter vart Zykina for tredje gong i rad nummer 6 i ein VM-finale på 400 meter.

Kjelder endre