Oligarki (frå gresk ὀλιγαρχία oligarkhía «fåmannsvelde», av ὀλίγος olígos «få» og αρχία arkhía «styre») er eit styresett der den politiske makta er samla hjå ei lita gruppe, såkalla oligarkar. Makta ligg vanleg hjå den mektigaste, utifrå rikdom, familierelasjonar, militær styrke, politisk påverknad eller liknande.

Eit oligarki er ofte styrt av nokre få mektige familiar der borna vert oppseda til å arva makta. I motsetnad til aristokrati (”styrt av dei beste”) treng ikkje makta i eit oligarki å verta styrt offentleg – oligarkane kan like gjerne stå bak trona og trekkja i trådane. Mange europeiske kongedøme byrja som oligarki, der familiane med makta avgjorde kven som skulle innsetjast som kongar, biskopar og liknande.

Eit vanleg moderne døme på oligarki er når eit land vert styrt av ein militærjunta.

Russisk oligark tyder ein russisk forretningsmann som slo seg opp då Boris Jeltsin var president på 1990-talet. Ein russisk oligark høyrer til den økonomiske eliten.[1][2] Den store formuen fekk dei etter oppløysinga av Sovjetunionen, der dei skaffa seg eigarskap i selskap og naturressursar som tidlegare hadde vore under statleg eige, men som vart privatisert på 1990-talet som følgje av oppløysinga. Korrupsjon var ofte inni bildet.[3]

Kjelder endre

  1. «Oligarki». NUPI. Henta 16. februar 2023. 
  2. Benedicte Storm Bamvik & Steinar Rostad Breivik (6. mars 2022). «Dette er en oligark». e24. Henta 16. februar 2023. 
  3. Holm-Hansen, Jørn: oligark i Store norske leksikon på snl.no. Henta 16. februar 2023.