Olje (latin oleum, oliven) er ei samnemning på ulike væsker som normalt ikkje er løyseleg i vatn.[1] Oljer er komplekse, organiske sambindingar av ulike slag. Dei har karakter av å vere viskøse, feite eller smørjande, og kan ordnast i tre hovudgrupper:

  1. eteriske oljer,
  2. blanda hydrokarbon i form av petroleum, og
  3. feite oljer som anten er animalske eller vegetabilske.
Olivenolje er mykje brukt i matlaging, men er òg blitt brukt i lampar.

Bruksområde endre

Oljelampe frå romartida med kristne symbol.

Olje har vore kjend frå oldtida som smøremiddel og som brenselkjelde til lys. Olje er til dømes nemnd i Andre mosebok kapittel 35 «Gåver til heilagdomen», «olje til ljosestaken». Olivenolje var den tidlegaste vegetabilske olja nytta i vidt omfang kring Middelhavet.

Utanom petroleum og olivenolje har kvalolje hatt ei stor kommersiell verdi, kvalolje har vore nytta ut i ca. 800 år. Seint på 1700-talet tok ein i bruk kvalolje til lys i Noreg.

Seinare har kvalolje vorte nytta til margarin, såpe og måling. Også sildolje og linolje er brukt i målingsindustri.

Både animalske og vegetabilske oljer er nytta i matlaging.

Kjelder endre

  1. S. Finstad, Hanne; K. Torheim, Norunn. «Vi utforsker fett» (PDF). Henta 15. desember 2014.