Ei oljeplattform er ein konstruksjon sett saman av stål og betong, som utfyller ein eller fleire oppgåver i samband med utaskjærs (offshore) leiting etter eller utvinning av petroleumoljefelt. Ei oljeplattform er utstyrt etter arbeidsoppgåvene på dekk, som til dømes boreutstyr, helikopterplattform og mannskapshotell. Ei oljeplattform kan, i tillegg til råolje, ha utstyr for å produsera naturgass og naturgasskondensat. Ei oljeplattform som har alle funksjonane boring, produksjon og bustad vert kalla ein integrert oljeplattform.

Oljeplattformen Statfjord AStatfjordfeltet med flotellet Polymariner til venstre i biletet, fotografert i 1982
Oljeplattformen «Deep Sea Delta» i Nordsjøen

Gassplattformer, som vert brukte til petroleumsutvinning på stader der det ikkje finst råolje, vert òg stundom kalla oljeplattformer i daglegtalen.

Condeep er ein type oljeplattform med betongunderstell. Gullfaks CGullfaksfeltet er eit døme på ein slik oljeplattform.

Sjå òg: endre