Ei omdreiingsflate eller rotasjonsflate er i matematikk ei flate ein får når ei plan kurve roterer om ein akse, omdreiingsaksen, i planet til kurven.

Eit plan som er vinkelrett på omdreiingsaksen skjer ei omdreiingsflate i ein sirkel på omdreiingsaksen. Enkle omdreiingsflater er ei kuleflate og ein torus, som begge vert skildra av ein sirkel som roterer om ein akse i sirkelplanet.

Kjelder endre

«omdreiningsflate – matematikk» i Store norske leksikon, snl.no.