Omleiringa av Breda i 1581

Omleiringa av Breda i 1581 under åttiårskrigen vart utført av spanske troppar under Claude de Berlaimont, herre av Haultepenne, sin kommando. Åtaket kom som ei overrasking fordi ein illojal vakt slapp dei spanske troppane inn. Han vart muta av kong Karl de Gavre som sat fanga i borga.

Trass i motstand frå innbyggjarane i Breda klarte fienden å ta dei viktige byportane og gå til åtak på rådhuset, tårnet og kyrkja. Forsvararane overgav seg med vilkår om at byen ikkje skulle verte plyndra. Kampane stoppa, men spanjolane plyndra og massakrerte likevel innbyggjarane i byen. 584 innbyggjarar mista livet i åtaket.

Kjelder endre