Omleiringa av Limerick i 1691

Limerick vest i Irland vart kringsett to gonger under den vilhelminske krigen i Irland (1689-1991). Byen, som vart halden av jakobittane, klarte å slå attende vilhelmittane i eit åtak i 1690, men etter den andre kringsetjinga i august-oktober 1691 overgav byen seg med vilkår.

Omleiringa av Limerick 1691
Del av den vilhelminske krigen i Irland

Avtalesteinen som freden i Limerick vart signert på i 1691
Dato August–oktober 1691
Stad Limerick
Resultat Vilhelmittane forhandlar fram at byen overgjev seg og at dei jakobinske soldatane må forlate Irland
Partar
Jakobittiske styrkar - franske og irske katolikkar Vilhelminske styrkar - engelske, skotske, nederlandske, danske soldatar, samt protestantar frå Ulster
Kommandantar
Patrick Sarsfield Godert de Ginkell
Styrkar
~14 000 20 000
Tap
~800 drepne i kamp små, men truleg nokre av sjukdom.
Den vilhelminske krigen i Irland
Dromore · Derry · Bantry Bay · Newtownbutler · Boyne · 1. Limerick · Cork og Kinsale · Athlone · Aughrim · 2. Limerick

Omleiringa endre

Under den andre omleiringa hadde den militære situasjonen snudd seg for jakobittane. Hovudarmeen til jakobittane vart grundig slått i slaget ved Aughrim i juli 1691 og 4 000 mann vart drepen, inkludert kommandanten Marquis de St Ruth og tusenvis fleire vart tekne til fange eller deserterte. Galway hadde overgjeve seg i juli 1691. Dei overlevande jakobittane trekte seg attende til Limerick, men i motsetnad til året før, var moralen no særs låg og dei var klare til å overgje seg. På den andre sida hadde forsvarsverka i Limerick vorte kraftig utbetra sidan 1690. Den vilhelminske general Godert de Ginkell kringsette byen og bombarderte han, og murane raste saman. Eit vilhelminsk overraskingsåtak dreiv dei irske forsvararane frå vollane som forsvarte Thomond-brua og sende dei irske forsvararane mot Limerick. Dei franske forsvararane ved hovudporten nekta å opne for dei flyktande irane og om lag 800 av dei vart drepne eller drukna i Shannonelva.

Kapituleringa og avtalen endre

Etter dette kasta Patrick Sarsfield dei franske kommandantane i Limerick, Chevalier de Tessé og Marquis d'Usson, ut av byen og starta forhandlingar om å overgje seg. Han og Ginkel skreiv ein avtale med vilkår om dei sivile innbyggjarane i Limerick skulle respekterast, tolerere den katolske religionen i Irland, garantere mot at dei katolskeigde områda i Irland vart konfiskerte og la Sarsfield og den jakobittiske armeen få fritt lende attende til Frankrike. Limerick overgav seg under desse vilkåra i oktober 1691. Sarsfield forlet Irland med 10 000 soldatar og 4 000 kvinner og barn gjekk inn i fransk teneste. Denne reisa har vorte kjend som Flight of the Wild Geese. Vilkåra i freden i Limerick vart sidan avslått av protestantane som dominerte det irske parlamentet.

Kjelder endre