Dei omotiske språka er ei gruppe på 25–30 språk som blir tala i det sørvestlege Etiopia og såvidt over grensa til Kenya. Desse språka blir rekna som ei genetisk gruppering, men det er usemje om dei eksterne genetiske relasjonane. Språkgruppa har namnet sitt etter Omo-elva, som renn gjennom delar av dei områda der språka blir tala.

Omo-elva, som dei omotiske språka har namnet sitt etter.
Kartet viser kvar i Sørvest-Etiopia dei ulike greinene av dei omotiske språka blir tala.

Slektskapstilhøve endre

Indre klassifikasjon endre

Det har vore vanleg å rekne med at dei omotiske språka har tre hovudgreiner, sør-omotisk, nord-omotisk og mao, og Hayward (2003) klassifiserer dei slik:

  • Mao-språk
    • Mao-språket i Begi, eller sezo og hozo.
    • Mao-språket i Bambeshi/Bambasi.
    • Mao-språket i Diddessa.




Derimot reknar Bender (2003) at mao-språka og ta-ne-språka utgjer ei grein av nord-omotisk, med dei dizoide språka som den andre greina, slik at heile familien får denne hovudstrukturen:

  • 1. Aroid (= sør-omotisk hos Hayward 2003)
  • 2. Nord-omotisk
    • 2.1. Dizoid
    • 2.2. Ta-ne-mao
      • 2.2.1 Ta-ne-språk
      • 2.2.2 Mao-språk

Ytre klassifikasjon endre

Det finst fem ulike oppfatningar om slektskapen mellom dei omotiske språka og andre språk; jf. nedanfor. Dei fire fyrste alternativa er presenterte i Hayward (1995), som sjølv er tilhengjar av alternativ 3. Det femte alternativet er føreslege av Theil (2006).

Alternativ 1

Den afroasiatiske språkfamilien har fem greiner, og omotisk er ei undergruppe av dei kusjittiske språka:

Alternativ 2

Omotisk og dei kusjittiske språka utgjer ei omotisk-kusjittisk grein av den afroasiatiske språkfamilien:

Alternativ 3

Omotisk utgjer ei eiga grein av den afroasiatiske språkfamilien:

Alternativ 4

Den afroasiatiske språkfamilien har to hovudgreiner, (i) omotisk og (ii) ikkje-omotisk:

Alternativ 5

Dei omotiske språka utgjer ein eigen språkfamilie, utan slektskap med afroasiatiske språk.



Bibliografi endre

  • Bender, Marvin L. 2003. Omotic Lixicon and Phonology. Carbondale: Southern Illinois University Printing.
  • Hayward, Richard J. 1995. The Challenge of Omotic. An Inaugural Lecture Delivered on 17 February 1994. London: School of Oriental and African Studies, University of London.
  • Hayward, Richard J. 2003. Omotic. The ‘empty quarter’ of Afroasiatic Linguistics. Pp. 241–261 Jacqueline Lecarme (ed.) Research in Afroasiatic Grammar II. Selected Papers from Fifth Conference on Afroasiatic Language, Paris, 2000. Amsterdam/Philadelphia: John Benjamins Publishing Company.
  • Theil, Rolf 2006. Is Omotic Afroasiatic? A Critical Discussion. (Paper presented at The David Dwyer Retirement Symposium, Michigan State University, October 2006.)