One Shot
Singel av Tin Machine
frå albumet Tin Machine II
Utgjeve November 1991
Innspelt Sydney September – november 1989; April 1990; September – oktober 1990;
Los Angeles mars 1991
Sjanger Rock
Lengd 4:02 (singel)
5:11 (album)
Selskap London
Låtskrivar(ar) David Bowie, Reeves Gabrels
Produsent Tin Machine, Hugh Padgham
Tin Machine-kronologi 
«Baby Universal»
(1991)
One Shot


«One Shot» er ein song av Tin Machine frå albumet Tin Machine II frå 1991, skriven av David Bowie og Reeves Gabrels. Han vart gjeven ut som den tredje singelen frå albumet, og den sjette singelen deira totalt. Det var òg den siste singelen bandet gav ut.

Bakgrunn og innspeling endre

Songen vart opphavleg spelt inn i 1989 etter den første Tin Machine-turneen, og det finst fleire demoinnspelingar frå øvingar av songen, som etter kvart lak ut på nettet.[1] Då det andre Tin Machine-albumet vart gjeve ut på eit nytt selskap, føreslo direktøren i selskapet at dei skulle spele inn songen på ny med den «kjende» produsenten Hugh Padgham, som tidlegare hadde arbeidd med David Bowie i 1984 på albumet hans Tonight.[2] Denne nyinnspelte versjonen var i følgje Reeves Gabrels, nesten identisk til originalen, men med ein litt betre gitarsolo.[2]

B-sida var ein original song av Hunt Sales og Bowie kalla «Hammerhead», som av Nicholas Pegg vart skildra som ein «standard pseudo-sexistisk Tin Machine-sak».[1] Eit lite klipp av songen dukka opp som eit løynd spor heilt på slutten av Tin Machine II.[2]

Innhald endre

Europeisk CD-singel (London/Victory 869 574-2) endre

  1. «One Shot»– 4:02
  2. «Hammerhead»– 3:14

Amerikansk promo-CD (Victory CDP 522) endre

  1. «One Shot» (singelversjon) – 4:02
  • CD-en kom ut i eit tredobbelt CD-omslag, som ein unne bretta ut og vise ein av Kouros-statuane på albumomslaget, med fronten av statuen på innsida og baksida av statuen på utsida. Singelen vart utskjert slik at det såg ut til at statuen heldt CD-plata i armane. I motsetnad til den amerikanske albumutgåva, var ikkje penisen til statuen luftbørsta vekk.

Medverkande endre

Produsentar
Musikarar

Salslister endre

Liste (1991) Plassering
US Billboard Alternative Songs[3] 3
US Mainstream Rock Tracks[4] 17

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Pegg, Nicholas (October 2016). «The Complete David Bowie New Edition: Expanded and Updated». Titan Books. 
  2. 2,0 2,1 2,2 O'Leary, Chris (2019). Ashes to Ashes The Songs of David Bowie 1976–2016. Repeater Books. ISBN 9781912248308. 
  3. https://www.billboard.com/music/tin-machine/chart-history/alternative-songs
  4. Tin Machine II - Tin Machine | Songs, Reviews, Credits, Awards | AllMusic

Bakgrunnsstoff endre