Onerahi er ein kystforstad til Whangarei, det nordlegaste bymessige området på New Zealand. Han ligg søraust for bysenteret til Whangarei, og strekkjer seg langs kystlinja til den naturlege hamna Whangarei Harbour til denne møter Stillehavet.

Onerahi
busetnad
Land  New Zealand
Region Northland
Kart
Onerahi
35°45′54″S 174°21′40″E / 35.765°S 174.361°E / -35.765; 174.361
Wikimedia Commons: Onerahi

Innbyggjartalet i Onerahi ved folketeljinga i 2006 var 2 100, ein oppgang frå 2 004 ved teljinga i 2002.

Hovudkjenneteiknet til denne forstaden er flyplassen Whangarei Airport, som ligg på eit ope flatt landområde midt inne i busetnaden.

Frå 1911 til 1933 var Onerahi tilknytt jarnvegsnettet gjennom ei sidelinje til North Auckland Line. Linja vart bygd for å gje tilkomst til eit verft i Onerahi, men då kysttrafikken gjekk sterkt attende i 1930-åra, vart sidelinja lagt ned. Delar av sporet er teke vare på som gangveg.

Onerahi har vorte eit av turistmåla i Whangarei, med stille gater, gode hotell og restaurantar, og ei rekkje utsiktsstader over sjøen.

Kjelder endre

35°46′S 174°22′E / 35.767°S 174.367°E / -35.767; 174.367

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.