Onkel er ei slektskapsnemning eller eit tiltaleord til ein eldre mann. I norsk samanheng er «onkel» bror til mor eller far, eller svogeren deira. Synonyme ord som tydelegare viser kva slektskap det er snakk om er morbror og farbror. Motsvaret til onkel for kvinner er «tante».

USA er ofte personleggjort som ein «onkel», Uncle Sam.

Ordsoge endre

Ordet «onkel» kjem frå fransk oncle som er avleidd av latin avunculus, 'morbror', bokstaveleg 'vesle bestefar'.

Bruk endre

Ein kan tiltala ein noko eldre mann som «onkel» for å visa ein grad av nærskap og samstundes respekt. Dette er ein bruk som var utbreidd i store delar av Europa, men stort sett er gått ut av bruk i språk som norsk. Ein finn helst bruken att i faste uttrykk som «onkel politi». «Onkel» kan også vera ei omskriving for pantelånar.

I fleire kulturar er det vanleg å bruka ord for 'onkel' som tiltaleform, til dømes for å omgå namnetabu.

I USA er «Uncle» ein del av namnet til visse førestilte figurar, som Uncle Sam, ei personleggjering av USA, og Uncle Tom, eit nedsetjande omgrep om ein afroamerikanar som finn seg i undertrykking.

Kjende onklar endre

  • Onkel Lauritz, «barnetimeonkel» eller programleiar i mange radioprogram for barn

Oppdikta figurar endre