Oortskya (òg kalla Öpik-Oortskya) er ei teoretisk sirkulær sky av kometar omtrent 50 000 AE frå sola; 1000 gonger avstanden frå sola til Pluto, eller nesten eit lysår. Den ytre utstrekninga av Oortskya plasserer den ytre grensa til solsystemet nesten ein fjerdedel av avstanden til Proxima Centauri, den næraste stjerna til sola.

Kunstnarisk framstilling av Oortskya og Kuiperbeltet.
Illustrasjonen viser korleis ein tenkjer at Oortskya er plassert

Ingen direkte observasjonar har blitt gjort av Oortskya, men astronomar reknar med skya er opphavet til alle Halley-type-kometar, det vil seia alle dei langperiodiske kometane.

Hypotesen endre

I 1932 kom den estiske astronomen Ernst Öpik med framlegget om at kometar stammar frå ei sky heilt i ytterkanten av solsystemet. I 1950 vart idéen teken opp att og lagt fram av den nederlandske astronomen Jan Oort for å forklara ei tilsynelatande sjølvmotseiing: kometar vert øydelagde etter eit visst tal på passeringar gjennom det indre solsystemet, og dersom kometane me observerer har eksistert sidan byrjinga på solsystemet, ville alle ha vore øydelagde no. Ifylgje Oorts teori inneheld Oortskya billionar av kometkjernar, som er stabile fordi strålinga til sola er svært svak så langt ute. Denne skya gjev dimed ein kontinuerleg tilførsel av nye kometar som erstattar dei som vert øydelagde.

Opphavet endre

Oortskya er ein rest etter den opphavlege tåka som kollapsa og danna sola og planetane for 5 milliardar år sidan. Ho er berre laust knytt til solsystemet. Den mest aksepterte teorien er at objekta i Oortskya opphavleg vart skapte mykje nærare sola, og at gravitasjonell påverknad frå gassplanetane sende dei ut i ekstremt lange elliptiske eller paraboliske banar. I dei ytre delane av bana vart objekta utsette for gravitasjonell påverknad frå nabostjernene og fekk dermed ei meir sirkelforma bane. Denne prosessen sørgde òg for å spreia objekta bort frå solsystemetplanet, noko som forklarar den kuleforma fordelinga til skya.

Kjende objekt endre

Så langt har to moglege Orts sky-objekt vorte oppdaga:

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Oortskya
Solsystemet
 SolaMerkurVenusMånenJordaPhobos og DeimosMarsCeresAsteroidebeltetJupiterMånane til JupiterSaturnMånane til SaturnUranusMånane til UranusMånane til NeptunNeptunMånane til PlutoPlutoKuiperbeltetDysnomiaErisDen spreidde skivaOortskya
Sola · Merkur · Venus · Jorda · Mars · Ceres · Jupiter · Saturn · Uranus · Neptun · Pluto · Eris
planetar · dvergplanetar · månar: Månen · marsmånar · jupitermånar · saturnmånar · uranusmånar · neptunmånar · plutomånar · erismånen
smålekamar:   meteoroidar · asteroidar/asteroidemånar (asteroidebeltet) · kentaurar · TNO-ar (kuiperbeltet/den spreidde skiva) · kometar (Oortskya)
Sjå òg himmellekamar, liste over lekamar i solsystemet, sorterte etter radius eller masse, og temasida om solsystemet