Oosterschelde («Aust-Schelde») er eit estuar i Zeeland i Nederland mellom Schouwen-Duiveland og Tholen i nord og Noord-Beveland og Zuid-Beveland i sør.

Plasseringa til Oosterschelde

I romartida var dette den store munningen til elva Schelde. Før St. Felix-flaumen i 1530 rann ho nordover som ei elv frå austenden av Westerschelde, snudde vestover litt vest for Bergen op Zoom, og så vestover langs nordenden av det som i dag er Verdronken Land van Reimerswaal, og etter dette ut i eit breitt estuar. Seinare vart delar av desse tapte landområda tatt tilbake , slik at samanbindinga til Schelde berre var ein smal kanal kalla Kreekrak. Denne kanalen mudra derimot til og vart uframkommeleg. I 1903 vart Kreekak stengd på grunn av ei jernbanefylling over kanalen mellom øya Zuid-Beveland og fastlandet ved Noord-Brabant. Frå den tid har ikkje Oosterschelde lenger vore samanbunde til Schelde og fungerer ikkje lenger som eit estuar.

Mellom Schouwen-Duiveland og Noord-Beveland er det to vegsamband, Oosterscheldedam i vest og Zeeland-brua i aust.

Stormflodbarrière og demning endre

 
The Oosterscheldekering

Etter Nordsjøflaumen i 1953 vart det avgjort at ein skulle stengje Oosterschelde med ei demning og ein barriere. Oosterscheldekering (Oosterscheldebarrièren), mellom Schouwen-Duiveland og Noord-Beveland, er den største av 13 barrièrar i Deltaprosjektet, og vart bygd for å verne store område av Nederland frå flaum. Ein fire kilometer lang seksjon har store sluser som normalt er open, men som kan lukkast under ugunstige vêrtilhøve.

Då barrièren stod ferdig i 1986 har vasstraumen minka og skilnaden i tidvatnet er redusert frå 3,40 meter til 3,25 meter. Som følgje av dette vert det ikkje tilført ny sand til sandbankane utanfor og desse forsvinn sakte slik at kysten vert endra.

Oosterschelde nasjonalpark endre

Sidan 8. mai 2002 har heile Oosterschelde vorte ein nasjonalpark. Grensene er ved dika i Schouwen-Duiveland, Tholen og Sint-Philipsland, Noord-Beveland og Zuid-Beveland, og demninga i Deltaprosjektet. Med eit areal på 370 km² er han den største nasjonalparken i Nederland. Den totale kystlengda er 125 km.

Parken består hovudsakleg av saltvatn i Oosterschelde, men inneheld nokre slamflater, enger og grunner. På grunn av det varierte dyrelivet, inkludert unike artar for regionen, er parken populær hos dykkarar. Andre aktivitetar er segling, fiske, sykling og kikking på fuglar.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

51°33′14″N 3°57′57″E / 51.55389°N 3.96583°E / 51.55389; 3.96583