Open Sound System

Open Sound System (OSS) er ein programvarekomponent for UNIX[2], og tidlegare Linux, der lydkortdrivarar, bufferar, og anna lågnivå infrastruktur for lydhandsaming er plasserte. OSS køyrer i kjernemodus og brukarprogram kommuniserer med OSS via standard POSIX programmeringsgrensesnitt, ved bruk av systemkalla open/close/read/write/ioctl/select/mmap. Men å utføra operasjonar som miksing, sampelrateendring, etc. i kjenemodus er problematisk, både av di det fører til unødig kompleksitet i kjerna og av di det er meir tungvint å utføra slike operasjonar i kjerne- enn i brukarmodus (flytkommaaritmetikk er ikkje tilgjengeleg i kjerna) .

Open Sound System
UtviklarNCR Corporation
Nyaste versjon4.2-build2019 (5. mars 2019)[1]
SjangerLydteknologi
LisensGNU General Public License, Common Development and Distribution License, 2-clause BSD License
Nettstadhttp://www.opensound.com/

I Linux-kjerna er OSS erstatta med ALSA, som har sitt eige grensesnitt. Men ALSA kan emulera OSS slik at programvare utvikla for OSS framleis kan nyttast.

Med unnatak av Linux er OSS framleis is bruk i dei fleste UNIX-variantane, som til dømes FreeBSD og Solaris. FreeBSD har implementert sitt eige OSS-grensesnitt. OpenSolaris nyttar ein avleggar av OSS4, kalla «Boomer».

Referansar endre

Sjå òg endre