Open Your Eyes av Yes

Open Your Eyes av Yes
Studioalbum av Yes
Språk engelsk
Utgjeve 25. november 1997
Innspelt Sommaren 1997
Sjanger
Lengd 74:12
Selskap
  • Eagle (Storbritannia)
  • Beyond Music (USA)
Produsent Yes
Yes-kronologi 
Keys to Ascension 2
(1997)
Open Your Eyes av Yes The Ladder
(1999)


Singlar frå Open Your Eyes
  1. «Open Your Eyes»
    Utgjeve: September 1997
  2. «New State of Mind»
    Utgjeve: 1997

Open Your Eyes er det femtande studioalbumet frå progressiv rock-bandet Yes, utgjeve i november 1997. Dette er det første albumet der Billy Sherwood medverkar som fulltidsmedlem av bandet etter at Rick Wakeman forlet bandet tidleg i 1997. Dette er òg det første albumet der Igor Khorosjev medverkar, her berre som studiomusikar.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 stars[1]
Entertainment WeeklyC+[2]
Vox3/5 stars[3]

Albumet kom på 151. plass på Billboard 200 i USA.

Bakgrunn endre

Opphavleg vart innspelingane starta som eit samarbeide mellom Chris Squire og Billy Sherwood, men Jon Anderson vart såpass imponert over materialet at han ynskte å synge på albumet. Etter kvart kom òg Steve Howe og Alan White med i prosjektet, og ein avgjorde at dette skulle bli det neste Yes-albumet.

Trass i entusiasmen til medlemmane for materialet, var dei ikkje nøgd med sluttresultatet. Det vart i følgje Anderson og Howe for kommersielt og lett, noko dei sjølv tok ein god del av skulda for. Verken publikum eller kritikarar var særleg imponert over utgjevinga, og albumet vart straks rekna som eit av dei svakaste til bandet, sjølv om det finst einskilde lyspunkt her òg.

Roger Dean står nok ein gong bak platecoveret, denne gongen med eit noko minimalistisk bidrag. Coveret består av den klassiske Yes-logoen i raude nyansar på svart bakgrunn.

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Jon Anderson, Steve Howe, Billy Sherwood, Chris Squire og Alan White..

Nr.TittelLengd
1.«New State of Mind»6:00
2.«Open Your Eyes»5:14
3.«Universal Garden»6:17
4.«No Way We Can Lose»4:56
5.«Fortune Seller»5:00
6.«Man in the Moon»4:41
7.«Wonderlove»6:06
8.«From the Balcony»2:43
9.«Love Shine»4:38
10.«Somehow, Someday»4:47
11.«The Solution»23:47
Total lengd:74:12
Spora «The Solution» og «The Source» er ikkje delt opp, men er eit 23 minutt og 47 sekund samanhengande spor. «The Source» består først av to minutt med stille, så 16 minutt og 21 sekund med naturlydar og eit lydcollage med korte acapella-versjonar av dei øvrige songane på albumet.

Medverkande endre

Studiomusikarar endre

Kjelder endre

  1. Hill, Gary. Open Your Eyes review allmusic.com. Henta 22. februar 2020.
  2. Eddy, Chuck (28. november 1997). «Open Your Eyes: Music review: Entertainment Weekly». Entertainment Weekly. Arkivert frå originalen 13. oktober 2012. Henta 22. februar 2020. 
  3. Ewing, Jerry. Vox, Februar 2008. Albums. YES - Open Your Eyes P. 77