Openberring er ei melding menneske får frå eit høgare vesen, ein guddom eller ein gud.

Openberringa av Dommedag av Jacob de Backer

Konkrete hendingar er òg tolka som guddommelege openberringar. Dette var ein del av tankegangen i Det nære austen og den hellenistiske verda i oldtida, og delar av Bibelen er tolka på denne måten. Eit døme på ei slik openberring er eksodus, utferda som israelittane gjorde frå Egypt.[1]

I det nye testamentet er ordet openberring ei omsetjing av gresk Ἀποκάλυψις, 'løfting av sløret', jf. apokalypse.

I monoteistiske religionar er openberringa prosessen eller handlinga med å forstå guddommeleg kunnskap, ofte gjennom direkte ontologisk forståing, som overgår mennesket og når inn i det gudommelege intellektet.

Openberringa i religion kan kome frå Gud, ein guddom eller representantane deira, som ein engel, og gjev eit ønskt resultat, prinsipp, åtferd, lov og doktrine. Dette resultatet er «realisasjonsprinsippet».

Somme religionar har religiøse skrifter som vert rekna som heilage og openbert av guddomen. Monoteistiske religionar reknar ofte dei heilage skriftene som openberringar, «Ord frå Gud».

Referansar endre

  1. J. R. Porter: Illustrert nøkkel til Bibelen Grøndahl Dreyer 1996 ISBN 82-504-2321-6