Operahuset i Oslo

59°54′25″N 10°45′13″E / 59.90694°N 10.75361°E / 59.90694; 10.75361

Operahuset i Oslo

Offisielt namnDen Norske Opera & Ballett
KallenamnOperahuset i Oslo
Operahuset
AdresseKirsten Flagstads plass 1
0150 Oslo
StadOslo i Noreg
ArkitektSnøhetta AS
Påbegynt2003
Opna12. april 2008
Rom1 100
Stilpostmodernistisk arkitektur
Kart
Operahuset i Oslo
59°54′25″N 10°45′13″E / 59.906944444444°N 10.753611111111°E / 59.906944444444; 10.753611111111

Operahuset i Oslo er bygget til Den Norske Opera & Ballett og ligg i Bjørvika inst i Oslofjorden. Huset er teikna av arkitektkontoret Snøhetta AS som vann ein arkitektkonkurranse i 2000. Det vart opna 12. april 2008. Bygningen har vunne mange prisar. Det kvite operabygget er blitt eit monumentalbygg i Oslo, og operataket er blitt ein attraksjon i seg sjølv. Operahuset har fått adresse Kirsten Flagstads plass 1 etter den første sjefen til operaen, Kirsten Flagstad.

Operahuset blei freda av Riksantikvaren i 2012.[1]

Bygg endre

I 1999 vedtok Stortinget at operaen skulle plasserast i Bjørvika. Byggherre vart Statsbygg, arkitekt var Snøhetta AS og entreprisane vart blant anna tildelt Vegdekke. Kostnadsramma var på 3,9 milliardar kroner. Harald V stod for opning av operaen 12. april 2008.

 
Panorama frå Operahuset.
Foto: Kjetil Ree, 2009
.

Salane endre

Det er tre publikumssalar. Alle stolane i Hovedsalen og på Scene 2 har eit eige system for teksting av librettoen, slik at ein kan velje kva for språk ein vil ha teksten på.

Hovudsalen har 1 358 sitteplassar. Med tanke på akustikken er den bygd med form som ein tradisjonell hestesko. Det er tre balkongar som i front er kledd i eik. Også fronten på balkongane er utforma for å gi god akustikk i salen.

Bilete endre

Frå oppføringa av bygget

Sjølve bygget

Frå inngangen og foajeen

Kjelder endre

  1. Operaen fredet frå Riksantikvaren (Vitja 21. januar 2014)

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Operahuset i Oslo