Operasjon Fieldfare

Operasjon Fieldfare er namnet på ein norsk sabotasjeaksjon leidd av fenrik Joachim Rønneberg i TafjordfjellaSunnmøre mot slutten av andre verdskrigen. Operasjonen var i regi av dei britiske spesialstyrkene Special Operations Executive (SOE).[1] Målet med aksjonen var å rekognosera og førebu åtak på tyske forsyningslinjer i Romsdalen med Raumabanen. Stuguflåtbrua vart sprengt i januar 1945.

Fjeldfarehytta er nesten umogleg å sjå berre på nokre hundre meters avstand. Ho kan skimtast som ein grå hyttevegg rett ved vassflata på motsett side av innsjøen.

Rønneberg, Straumheim og Aarsæther vart i mars 1944 sloppe i fallskjerm og landa ved Veltdalen, 20 km lengre vest enn planlagt. Dei fann at ut Veltdalen var like gunstig som Tordsvatnet ved Sponga der dei opphavleg hadde planlagt å vera. Dei låg først i telt og deretter i ei hytte som tilhøyrde Tafjord Kraft. Fieldfare-hytta vart snikra saman av kassematerialar frå anlegget til kraftverket i Veltdalen. Dei vitja òg turisthyttene Reindalsseter, Puttbua og Friisbu. Fieldfare-hytta ligg ved ein bratt hammar berre nokon hundre meter frå Veltdalshytta. Vintermånadane var innetemperaturen sjeldan over null gradar. Fieldfare-hytta har Rønneberg vore med å rekonstruera for å gje eit bilete av korleis motstandsmennene budde under krigen.[2]

Dei andre deltakarane var Birger Straumheim og Olav Aarsæther.[3]

Referansar endre

  1. Årbok for Sunnmøre Historielag 2005 Arkivert 2014-02-05 ved Wayback Machine. Henta 12.2.12.
  2. Fjellposten, Medlemsblad for ÅST, nr 1, 2010.
  3. Gunnar Myklebust (2011). Tungtvannsabotøren. Oslo: Aschehoug. s. 221-223. ISBN 978-82-03-29306-1. 

Litteratur endre

Bakgrunnsstoff endre