Opotiki er ein by aust i Bay of PlentyNordøyaNew Zealand. Han er administrasjonssenter for distriktsstyret, Opotiki District Council og ligg i regionen Bay of Plenty.

Opotiki
by
Land  New Zealand
Region Bay of Plenty
Distrikt Opotiki District
Areal 3 104,54 km²
Folketal 9 060  (Estimat 30. juni 2008[1])
Kart
Opotiki
38°00′25″S 177°17′13″E / 38.007°S 177.287°E / -38.007; 177.287
Wikimedia Commons: Opotiki
Nettstad: http://www.odc.govt.nz/

Folkesetnad endre

Innbyggjarar endre

Totalt i distriktet bur det 8 973 (2008).[1] Av desse bur om lag halvparten i byen, resten er spreidd i mindre busetnadar langs kysten.

Etnisk bakgrunn i distriktet endre

  • Maoriar 54%
  • Europearar (pākehā) 40%
  • Andre og ikkje definerte grupper utgjer resten.

Stammar endre

Iwiar som høyrer til i distriktet er:

Geografi endre

Opotiki District har ei lang avgrensing mot den austlege halvdelen av bukta Bay of Plenty ut mot Stillehavet, og på motsett side ei lang grense mot fjellrekkja Raukumara som reiser seg til 1754 moh.Mount Hikurangi. Distriktet er for ein stor del brattlendt, gjennomskore av snøgtrennande elver, den største av dei er Motu. Elveavsetningar langs kysten har danna sletter («flats») og terrasser («tablelands»), og dette er det einaste flate landskapet i distriktet. Byen Opotiki ligg på den største flata der elvene Otara River og Waioeka River renn saman. Sandstrender, låge kollar og større flater er karkateristiske for den sørvestlege delen av distriktet; steinete strender og høge klipper som fell rett ned i sjøen karakteriserer den nordaustlege delen. Dei noverande busetnadane er derfor konsentrerte om kysten i sørvest. Distriktet har ei flatevidde på 3 104,54 km².

Byen Opotiki ligg nøyaktig på den 38. sørlege breiddegraden. Klimaet er temperert. Om sommaren når dagtemperaturane ved kysten opp til midt på 20-talet (°C) og bidreg til strandkulturen i Bay of Plenty. Vinterdagane er gjerne skyfrie, og dagtemperaturane kjem ikkje under frysepunktet, men der kan koma litt frost om nettene. Winter snow falls along the crest of the ranges, og på dei høgaste toppane (over 1000 m) kan han verta liggjande nokre få veker. Regn fell til alle årstider. Kraftig lokal nedbør (skybrot) kan førekoma i høgareliggjande delar av distriktet, og har ført til flaumar i Opotiki.

Geologi endre

Geologisk er distriktet dominert av sandstein frå sein juratid til sein krittid, dekt av løss som kom med vinden under istida i pleistocenperioden , og seinare kledd av vulkansk oske og pimpstein frå vulkanområda i Rotorua og Taupo. Den aktive vulkanen Whakaari/White Island ligg utanfor kysten og representerer ein risiko for at det kan oppstå ein tsunami. Jordskjelv er òg ein risiko ein må rekna med, men distriktet ligg like aust for dei store forkastingane, og rikskoen er derfor mindre enn i andre nærliggjande område. Det er ikkje funne verdfulle mineralførekomstar i distriktet.

Planteliv endre

 
Gravferdstre og plantar i Opotiki.

Naturleg vegetasjon er bevart i mange delar av distriktet der landet er bratt og lite eigna for dyrking. Distriktet utgjer ei naturleg geografisk og klimatisk grense, det er den sørlegaste utbreiinga av mangrove (Avicennia resinifera) på denne sida av NordøyaNew Zealand, og den sørlege grensa for kysttreet mangeao (Litsea calicaris), og fjella dannar den nordlege grensa for mange av dei alpine plantane på New Zealand (Ranunculus insignis, Ourisia etc.). Ein attverande populasjon av alpin sørbøk (Nothofagus solandri) finst her i havnivå ved munningen til Ohiwa Harbour, ei overfløymd gruppe dalar frå istida.

Skogen langs kysten består av pōhutukawatre, nikaupalmar (Rhopalostylis sapida), og mange mindre buskar som høyrer til slekter som Pseudopanax, Coprosma etc. Av særleg interesse er ein lilje-blomstrande busk Olearia pachyphylla som er endemisk i distriktet, og den sjeldnare, storblomstrande «sopelimen», Carmichaelia williamsii, ein plante i belgfruktfamilien.

Lenger inn i landet er det temperert regnskog. Skoghimlingen er dominert av høge tre, slike som tawa, puriri og pukatea som er sterkt overvaksne av epifyttar (bregne-, lilje- og orkide-familiar) og lianar, mellom desse klatreveksten kiekie (Freycinetia banksii). I underskogen veks mange bregnar av ulik storleik, inkludert trebregnar opp til 10 m høge, den store, giftige nesla Urtica ferox og den svært giftige tutu-busken (Coriaria).

I fjellområda må regnskogen gje tapt for mindre tett Nothofagus bøkeskog. Underskogen er dominert av Gahnia-gras og spreidde buskar som den illeluktande Coprosma foetidissima. Over skoggrensa veks den tjukkblada Olearia-busken og alpine urter. Den vesle alpine Tutu-busken, Coriaria pottsiana, er endemisk i distriktet.

Dei lægre elvedalane med tilhøyrande terrassar er svært produktivt jordbruksland, medan plantefelt med innførte tømmerslag for kommersielle føremål (vanlegast Pinus radiata, montereyfuru) kan veksa kring utløparane av åsane.

Dyreliv endre

Av innførte dyreartar som vert sett på som skadedyr er hjortedyr, svin, geit og revekusu (possum) vanlege i skogsområda, og villsauer og -kveg kan finnast som «rømlingar» frå kringliggjande gardar. I dei utbygde områda er fuglelivet ei blanding av innførte artar frå Storbritannia (svarttrast, måltrast, ulike finkar, sporvar, fasanar, stokkand, hauk, kaliforniavaktel, Callipepla californica), og naturlege arter som tuihonningetar, Prosthemadera novaeseelandiae, maoriviftestjert, den vesle igatagerygone, gråbrystbrillefugl, Zosterops lateralis, maskaraisfugl, Todiramphus sanctus, og ein underart av sultanhøne kalla pukeko (Porphyrio porphyrio melanotus) på New-Zealand.

I skogområda er fuglane mest av innfødde artar, i tillegg til dei som er nemnde ovanfor finst skogdue maoridue, Hemiphaga novaeseelandiae, kaskadeand, Hymenolaimus malacorhynchos, maorihonningetar, Anthornis melanura og nattsvermarugle, Ninox novaeseelandiae, ein innfødd ugleart. I den seinare tida har ein også sett den sjeldne gråflikfuglen her.

Dei opphavlege ferskvassfiskane, utanom ål, er alle små, og vert fanga og brukte til agn i fiskesesongen. Innført aure finst i somme elver. Sjøen i distriktet har eit rikt dyreliv som til dømes blautdyr (pipi) (Paphies australis), tuatua, kina, skjel, sjøkreps, matfisk som snapper (Chrysophrys auratus), australlaks (Chrysophrys auratus) og knurr. Kommersiell akvakultur er i startfasen (musling og østers).

Historikk endre

Tidleg maorihistorie endre

Dei første kjende innbyggjarane i distriktet var truleg frå Tini o Toi-stammen, som tilsynelatande kom med Tākitimu-wakaen (kanoen) som kom til Whakataneområdet frå Taranaki. Deretter følgde, kanskje nokre få generasjonar seinare, Tainui- og Te Arawa-folket; den noverande Ngāi Tai-iwien hevdar å stamma direkte frå det førstnemnde. I denne perioden var det også innvandring med Nukutere-wakaen frå Taranaki, og Rangimatoru-wakaen.

Endå fleire generasjonar seinare kom Mataatua-folket til Whakatane frå ein stad dei kalla Parinuitera, som kan vera enten Young Nick's Head eller ein stad på Ahuahu (Great Mercury Island). Dagens Whakatohea- og Whanau a Apanui-stammar påstår å vera etterkomarar frå giftarmål mellom Mataatua og tidlegare innvandrarar. Vandringa innover i landet, kalla Te Heke o Te Rangihouhiri, som etter kvart danna Ngāi Te Rangi iwi ved Tauranga, har også bidrege til populasjonen.

Ein av dei første forfedrane til Whakatohea, Tarawa, heldt bakgrunnen sin løynd og påstod at han hadde sumt til distriktet med hjelp frå overnaturlege fiskar han kalla kjæledyra eller borna sine (pōtiki). Der han kom i land, like vest for Opotiki, plasserte han kjæledyra sine i ei kjelde, som dermed vart fylt med hans mana. Kjelda o pōtiki mai tawhiti («til borna langt bortefrå») vart vidgjeten, og kortforma av namnet vart seinare bruka på heile distriktet. «Opōtiki» tyder derfor (staden) med born.

Seint 1700- og tidleg 1800-tal endre

Den første kontakten mellom lokale maoriar og europearar var i 1769, då kaptein James Cook segla langs kysten av Bay of Plenty. Tidleg på 1800-talet byrja eit fåtal europeiske og amerikanske handelsmenn og kvalfangarar og ferdast hit. På 1820-talet fann det stad fleire hærferder sørover, drivne av Ngā Puhi-grupper frå Northland. Sjølv om Opotiki-stammane hadde byrja å få tak i eldvåpen på den tida, var dei undertalige i utstyr og måtte trekkja seg attende frå kysten til det ulendte, skogkledde landet innanfor.

1830- og 40-åra vart meir fredelege, og stammane vende attende til kysten for å ta opp att handelen med europeiske kvalfangarar og handelsfolk. Kristne maori-misjonærar byrja å undervisa i lese- og skrivekunne og religion. I 1840 vart Waitangitraktaten teken omkring for å verta underteikna, og dette etablerte det britiske overherredømet, i alle fall i namnet. På denne tida var landsbyen ved Opotiki kjend som Kowhai, og der var andre landsbyar ved Tunapāhore og Te Kaha.

På 1850- og tidleg på 1860-talet heldt utviklinga fram. Maoristammane tok opp europeiske dyrkingsmetodar, korn- og husdyrslag, først og fremst kveite, svin og fersken, og dreiv bytehandel med Auckland. Enno var det berre få vestlege nybyggjarar i distriktet. Mellom desse utlendingane var Henry Agassiz, bror av den kjende sveitsisk-amerikanske vitskapsmannen Louis Agassiz, og Karl Völkner, ein tysk misjonær som var gått over til den anglikanske kyrkja.

Krigar endre

Den britiske invasjonen av Waikato førte til at Whakatohea-stammen støtta anti-britiske styrkar. I 1864 sende dei ut ei gruppe krigarar for å støtta Ngāi Te Rangi-stammen som dei var i slekt med, og som hadde vunne over britane ved Gate Pā. På vegen langs kysten vart dei angripne av kombinerte styrkar frå britane og Te Arawa-samanslutnaden. Overhøvdingen i Whakatohea, Te Aporotanga, vart teken til fange og avretta av kona til ein Arawahøvding som hadde vorte drepen i kampen. Sjølv om denne gjerninga var i samsvar med gammal maoriskikk, hadde kampane hittil gått føre seg etter «kristelege» reglar, så denne hendinga vart følgjeleg teken som eit teikn på at britane ikkje lenger var sjå på som ein sivilisert fiende.

I samsvar med gammal maorisedvane, tok maoriane hemn (utu) ved å drepa misjonæren Karl Völkner, som dei meinte hadde vorte rekruttert til agent av den britiske guvernøren, Sir George Grey,[2] og som hadde sendt hemmelege rapportar. Denne hendinga førte til invasjonen av Opotiki av britiske styrkar i 1865. I løpet av nokre få år hadde Opotikidistriktet vorte busett av militære nybyggjarar, og maoristammane drivne til landsbyar med svært lite tilknytt land. Ein halvhjarta geriljakrig heldt fram, leia av Whakatoheahøvdingen Hira te Popo og høvdingen i Tuhoe-stammen, Eru Tamaikowha, men dei måtte til slutt overgje seg, og vart gjevne amnesti.

Krigstilstanden blussa opp att i 1870 då geriljahøvdingen Te Kooti flytta sine operasjonar til området. I nokre få år heldt han og tilhengjarane hans til i det vanskeleg tilgjengelege området Te Wera heilt sørvest i Opotikidistriktet. Etter at han vart lova amnesti flytta han til Ohiwa Harbour på kysten mellom Opotiki og Whakatane, der han seinare døydde.

Seinare historie endre

Då det til sist vart fredeleg i distriktet, var det meste av den dyrkbare jorda oppteken av britiske nybyggjarar og bruka til saue- og kvegdrift, seinare til mjølkeproduksjon. Ved slutten av det nittande hundreåret hadde ein generasjon av både nybyggjarar og maoriar vakse opp saman, og det hadde vakse fram samværsformer og inngifte mellom dei. Distriktet mista fleire menn i dei to verdskrigane, men leid eit enno større tap under pandemien i 1918-1919, då fleire av dei små samfunna vart øydelagde.

På grunn av det relativt vesle arealet av dyrkbar jord, og og eit utrygt innløp til hamna, vart dei ikkje noko av dei opphavlege planane om at Opotiki skulle verta eit større sentrum i Bay of Plenty. I det tjuande hundreåret måtte byen tola å sjå flyttingar av forretningsverksemder og offentlege instansar til Whakatane, ein situasjon som heilt nyleg er byrja å gå den andre vegen, og med aukande folketal i byen. Store flaumar i 1950- og 60-åra, og førte til at det vart bygd flaumvern, dette har effektivt hindra seinare overfløymingar. Ein større velstandsauke sist i [[199åra hadde samband med den auka marknaden for kiwi-produksjon og -omsetjing på denne tida.

Kjelder endre

  • A. C. Lyall, Whakatohea of Opotiki, AH & AW Reed, 1979.
  • R. Halbert, Horouta, Reed Books, 1999. ISBN 0-7900-0623-5
  1. 1,0 1,1 Estimated Resident Population Statistics New Zealand
  2. L. Harper, T. Mudd, P. Whitfield, D. Hall (2006). The Rough Guide to New Zealand (5. utg.). New York - London - Delhi: Rough Giudes. s. 447. ISBN 1-84353-679-X. 

Bakgrunnsstoff endre


38°05′S 177°17′E / 38.083°S 177.283°E / -38.083; 177.283