Oppdal kommune

kommune i Trøndelag

Oppdal (norr. Uppdal(i)r) er ein kommune i Trøndelag fylke som ligg i grenseområdet mellom Trøndelag, Hedmark, Oppland og Møre og Romsdal, om lag 120 kilometer sørvest for Trondheim. Kommunen har ei flatevidd om lag på storleik med Vestfold fylke, men størsteparten er fjell i almenning. Den største tettstaden er kommunesenteret Oppdal.

Oppdal kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Adm.senter Oppdal
Areal 2 274 km²
 - land 2 207 km²
 - vatn 67 km²
Folketal 7 389  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar Geir Arild Espnes[1] (Sp)
Kommunenr. 5021
Kart
Oppdal
62°34′00″N 9°36′00″E / 62.566667°N 9.6°E / 62.566667; 9.6
Wikimedia Commons: Oppdal
Nettstad: www.oppdal.kommune.no
Almannberget i Oppdal vinterstid. (Bilete teke av Leif Knutsen.)
Utsikt frå Svarthaugen mot Vangslia og Marit Vang kyrkja. (Bilete teke av Leif Knutsen.)

Bygda har sterke jordbrukstradisjonar, særleg i sauehald, men småindustri og turisme har i dei seinare åra auka. Oppdal har i dag eit av dei største alpinanlegga i Noreg.

Samferdsle endre

Dovrebanen går gjennom kommunen og har faste stopp på Oppdal stasjon. I tillegg stoppar somme tog på Kongsvoll stasjon. Lokaltog stoppar på Fagerhaug stasjon.

Europaveg 6 går òg gjennom kommunen parallelt med Dovrebanen.

Soge endre

Den fyrste busetnaden i Oppdal har truleg vore knytt saman med rike jaktressursar i fjellstroka, men over tid har krysset mellom handelsvegane til Mørekysten og nordover til Trondheim lagt grunnlag for vekst.

Gravfeltet på Vang, eit gamalt maktsentrum, er landets største, med over 800 gravhaugar. Etter innhaldet i gravhaugane å døma har sauehald og foredling av ull vore ei hovudnæring i Oppdal i vikingtida. Etterspurnaden etter ull til råsegl var truleg stor, og ullhandel med kyststroka kan forklåra den store rikdomen gravgodset i gravhaugane avspeglar.

Oppdal kom seint med i Frostatinget, og fekk då tre målsmenn.

Pilegrimsleia til St. Olavs skrin gjekk gjennom Oppdal i mellomalderen. Det er nemnt fire kyrkjer her i mellomalderen: ei på Vang (vigd til St. Edmund), ei på Ålbu, ei ved Stavåa på Nordskogen, og Håkon Håkonsson reiste dessutan ei kyrkje på Lo i Drivdalen. Alle er no bortkomne, men det finst ei teikning frå 1600-talet av stavkyrkja på Vang, og Gerhard Schøning påviste restar av kyrkjemuren ved Stavåa. Kyrkja på Lo har sett spor etter seg i lokale stadnamn.

Samfunnet vart hardt ramma av Svartedauden.

Folk frå Oppdal endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre