Oppkvarken (frå symbolet, u) er den lettaste av alle kvarkar, ein type elementærpartikkel, og ein stor bestanddel av masse. Saman med nedkvarken utgjer den nøytronet (éin oppkvark, to nedkvarkar) og protonet (to oppkvarkar, ein nedkvark) av atomkjernen. Den er del av førstegenerasjonen av masse, har ein elektrisk ladning på +23 e og ein berr masse på 1.5-3.3 MeV/c2. Som alle kvarkar er oppkvarken ein elementær fermion med spinn-½, og erfarer alle dei fire fundamentale kreftene: gravitasjon, elektromagnetisme, svak kjernekraft, og fargekraft. Antipartikkelen til oppkvarken er anti-oppkvark (òg kalla opp anti-kvark eller berre anti-opp), som skil seg ut i frå den berre ved at den har nokre eigenskapar som har lik størrelse, men motsett teikn.

Dens eksistens (og samt til ned- og særkvarken) blei postulert i 1964 av Murray Gell-Mann og George Zweig for å forklare Eightfold Way klassifiseringsskjemaet av hadron. Oppkvarken blei først observert ved eksperiment i Stanford Linear Accelerator Center i 1968.