Opposisjon i politikk

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå opposisjon.

Opposisjon i politikk er eit eller fleire politiske parti eller ei anna form for organisert gruppe, som er motstandar av ei regjering, eit parti eller ei gruppe, som har den politisk styrande kontrollen over eit område. Eit område kan vere ein stat, ein nasjon eller eit land, eller ein delstat, ein fylkeskommune eller ein kommune.

Det kan også dreie seg om intern opposisjon innan eit politisk parti, eller i ein organisasjon. Eit kjent eksempel i Noreg er Fagopposisjonen av 1911 innan LO, som Martin Tranmæl stod i spissen for.

Spire Denne politikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.