Eit optisk vindauge er ei nemning for eit spektralområde der eit optisk medium er relativt transparent for elektromagnetisk stråling. Innan astronomien talar ein vanlegvis om ein planet, oftast jorda, sin atmosfære, medan det innan medisin ofte blir referert til vevet i kroppen. Det blir kalla optisk fordi det handlar om det synlege lyset, med bølgjelengder mellom 400 og 700 nanometer.

For andre bølgjelengdområde av spekteret der atmosfæren er heilt eller delvis gjennomsiktig talar ein gjerne om eit strålingsvindauge, sjå atmosfærisk vindauge.

Astronomisk optisk vindauge endre

Største delen av den elektromagnetiske energien frå sola og andre utanomjordiske kjelder når aldri jordoverflata, men vert absorbert av atmosfæren. Det finst òg eit tilsvarande radiovindauge for frekvensar i radiospekteret.

Medisinsk optisk vindauge endre

Det optiske vindauget for levande kroppsvev er omtrent mellom bølgjelengdene 650 og 1 200 nanometer. Ved kortare bølgjelengder blir strålinga absorbert av hemoglobinet i blodet, medan vatn absorberer dei kortare bølgjelengdene i det infraraude området.

Kjelder endre