Orator (frå latin os, 'munn') tyder ein framifrå talar eller veltalande person. Det kan også brukast om personar som bruker store gestar og svulmande uttrykk.

'Cicero talar mot Catilina' (1889) av Cesare Maccari. Den romerske filosofen og statsmannen Cicero er vidgjeten for sine oratoriske evner.

Dei attiske oratorane endre

Dei attiske oratorane var ein litterær kanon over ti oratorar frå Attika og Aten som blei rekna som dei beste talaraneer i gresk antikk. Kanonen blei truleg utarbeidd i Alexandria i Egypt[1] Han fekk truleg den endelege forma si på 100-talet e.Kr.[2]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Smith, R.M. (1995): «A New Look at the Canon of the Ten Attic Orators» i: Mnemosyne 48 (1), s. 74.
  2. Douglas, A.E. (1956): «Cicero, Quintillian, and the Canon of Ten Attic Orators» i: Mnemosyne 9 (1), s. 40.

«orator» i Store norske leksikon, snl.no.

  Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.