Oratoriet Paulus er eit oratorium komponert av Felix Mendelssohn. Oratoriet har 45 satsar, og er skrive for fire songsolistar, kor og orkester. Satsane er resitativ, ariar, koralar og korsatsar.

Handling endre

Sentralt i handlinga står folkets raseri i møte med nye religiøse tankar.

I oratoriet møter vi apostelen Paulus slik han er omtalt i Apostelgjerningane i Det nye testamentet, med det hebraiske namnet Saulus, ein ihuga kristendomsforfølgjar. Han er til stades når folket steinar Stefanus til døde i Jerusalem. Frå Jerusalem reiser han vidare til Damaskus for å hindre at kristendommen spreier seg der. På vegen til Damaskus vert han slått til jorda, og han høyrer Jesu røyst, i oratoriet i form av eit damekor. Paulus vender om til kristendommen og vert døypt.

I andre delen av oratoriet følgjer vi Paulus som misjonær fram til han sjølv vert konfrontert med folket som rasar mot det dei meiner er vrang lære. Paulus vert da tatt til fange og overlaten til Keisar Nero. Avslutningskoret byggjer på Salme 103.

Komposisjon endre

Mendelssohn begynte å komponere på verket i 1834. Den tyske versjonen Paulus hadde premiere 22. mai 1836 i Düsseldorf. Den engelske versjonen St. Paul hadde premiere i Liverpool 3. oktober same året, omsett av Karl Klingermann.

Teksten til Oratoriet Paulus vart omsett til norsk (nynorsk) på slutten av 1990-talet ved Synne M. Fredriksen, Audun Sæbø og Harald Myklebust.