Orchardleigh Lake

Orchardleigh Lake (òg skrive Orchardlea) er ein 11 hektar stor kunstig innsjø like nord for Frome i Somerset i England. Han vart laga då ein demde opp ei av sideelvane til Frome. I dag vert innsjøen nytta til sportsfiske,[1] og fuglekikking.

Orchardleigh Lake
innsjø
Den minste av dei to innsjøane sett frå kyrkja på øya
Land  Storbritannia
Innsjøtype Kunstig innsjø
Areal 0,11 km²
Koordinatar 51°15′21″N 2°19′05″W / 51.25593°N 2.31807°W / 51.25593; -2.31807
Øyar 1
Kart
Orchardleigh Lake
51°15′21″N 2°19′05″W / 51.2559°N 2.31807°W / 51.2559; -2.31807
Wikimedia Commons: Orchardleigh Lake

Det ligg ei lita øy på vestsida av innsjøen der St Mary's Church ligg. Kyrkja vart bygd på 1200-talet og vart kraftig renovert av Sir George Gilbert Scott, for W. A. Duckworth, i 1878. Kyrkja er i dag freda.[2] Det vert ofte halde bryllaup i kyrkja. Det går ei gangbru over til øya frå fastlandet.

Det er i røynda to innsjøar ved Orchardleigh. Den minste innsjøen inneheld øya med kyrkja og ein langt større innsjø ligg 150 meter gjennom eit lite skogområde.

Det er ein del sjøfugl å sjå ved innsjøen, mellom anna dvergdykkar, toppdykkar og knoppsvane, samt overvintrande toppand og taffeland.

Galleri endre

Kjelder endre

  1. «Fishing Information for the Frome Areal» (Word). Frome Tourist Information Centre. Henta 28. mars 2010. 
  2. «Church of St. Mary, causeway bridge and gates». Images of England. Arkivert frå originalen 25. november 2011. Henta 28. mars 2010.