Sjå artikkelen Ordklassar i norsk om forhold som spesielt gjeld norsk språk.

Ein ordklasse er ei gruppe av ord (meir presist leksem) som har felles eigenskapar når det gjeld bøyingsformer (morfologi) eller setningsfunksjon (syntaks). I tradisjonell grammatikk har ein også brukt tydinga av orda (semantikk) som grunnlag for inndeling i ordklassar. Det er vanleg å dela ordklassane inn i to grupper, opne og lukka ordklassar.

Talet på ordklassar varierer etter kva inndelingskriterium som blir lagde til grunn. Språk varierer også seg i mellom, så sjølv med eit konstant sett av inndelingskriterium vil talet på ordklasser variere frå språk til språk. For norsk har ordklasseinndelinga vorte diskutert det siste tiåret, etter at Norsk referansegrammatikk i 1997 la fram ei ordklasseinndeling som skilde seg frå den som hadde vore i bruk tidlegare, jf. ordklassar i norsk for ei drøfting. Skilnaden mellom dei ulike inndelingane er eit resultat av bruk av ulike inndelingskriterium. Desse inndelingskriteria er av ulike typar.

Morfologiske inndelingskriterium endre

Etter morfologiske inndelingskriterium blir ord klassifiserte etter korleis dei blir bøygde. Ei reint morfologisk ordklasseinndeling vil t.d. kunne gje opphav til ei slik inndeling, for norsk:

  1. Ord som blir kategoriserte etter genus
  2. Ord som blir bøygde i tempus
  3. Ord som blir bøygde i genus
  4. Ord som blir bøygde kasus
  5. Ord som ikkje blir bøygde

Her vil ordklasse 1 vere dei vi kjenner som substantiv, ordklasse 2 verb, ordklasse 3 adjektiv og determinativ, ordklasse 4 personlege pronomen, og ordklasse 5 vil innehalde både adverb, konjunksjonar, subjunksjonar osb.

Syntaktiske inndelingskriterium endre

Syntaktiske inndelingskriterium deler ord inn etter måten dei blir brukte på i setningar. Resultatet av å bruke syntaktiske kriterium er ofte, men ikkje alltid, samanfallande med resultatet av å bruke morfologiske kriterium. Til dømes vil klassen av ord som kan danne sjølvstendige setningar ved å stå på andre plass i ei hovudsetning i norsk samanfalle med klassen av ord som blir bøygde i tempus.

Syntaktiske inndelingskriterium skil seg frå morfologiske framfor alt ved at også ord som ikkje blir bøygde kan bli delt inn i ulike ordklassar, slik som t.d. preposisjonar og konjunksjonar kan bli delte inn i ulike klassar.

Semantiske inndelingskriterium endre

Ei semantisk ordklasseinndeling vil dele inn ord etter tyding. Til dømes er det mogleg å tenkje seg ei slik inndeling:

  1. Ord som refererer til ting
  2. Ord som refererer til handlingar
  3. Ord som refererer til kvalitetar
  4. Ord som refererer til andre ord
  5. Ord som refererer i diskursen

Etter denne inndelinga vil ord som sykle og sykling høyre til same ordklasse, nemleg ordklasse 2.

Ordklasseinndeling i praksis endre

I praksis vil ordklasseinndelingane alltid bli laga for å tene visse formål. Der same inndeling må tene ulike formål, er det vanleg å operere med ein kombinasjon av ulike inndelingskriterium. Til dømes kan ord med bøying bli klassifiserte morfologisk, etter korleis dei blir bøygd, mens ord utan bøying blir klassifiserte syntaktisk, etter korleis dei blir brukte i setninga.

Kjelder endre

Litteratur endre

Referansar endre

Sjå òg endre