Oria er ei elv i Baskarland i nord i Spania. Ho er ei av fleire elvar som munnar ut i Biscayabukta og den største elva i rpovinsen Gipuzkoa med ei lengd på 75 km og eit nedslagsfelt på 882,5 km². Alle desse elvane er relativt korte. Elva spring ut i ei høgd på 1260 meter over havet. I dei nedre delane av elva når tidvatnet innover elva til Usurbil. Dette siste strekket er prega av mange myrområde langs breidda, men i det siste er mange av dei drenert og omgjort til jordbruksland.

Oria
elv
Oria på veg gjennom Lasarte-Oria med fjellet Buruntza i bakgrunnen
Land  Spania
Nedslagsfelt 882,5 km²
Lengd 75 km
Middelvassføring 25,6 /s
Kjelde Dei baskiske fjella
Munning Biscayabukta
Kart
Oria
43°17′25″N 2°07′55″W / 43.29027778°N 2.13194444°W / 43.29027778; -2.13194444
Wikimedia Commons: Oria River

Elva spring ut sør i kommunen Zegama og drenerer vatn frå nordaustsida av fjellkjeda Aizkorri. Den første byen ho renn gjennom er Zegama, og andre byar langs elva er Gipuzkoa, Beasain, Ordizia, Tolosa, Andoain, Lasarte-Oria, Usurbil og til slutt Orio ved munningen. Frå Lasarte-Oria til Orio går kystvegen N-634 langs elva.

Sideelvar endre

Fleire mindre elvar renn ut i Oria. Dei største av desse er Leitzaran i Andoain og Araxes i Tolosa.

Kjelder endre