Oristano

kommune i Italia

Oristano (sardisk Aristanis) er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Oristano i regionen Sardinia og har om lag 30 000 innbyggjarar.

Oristano
Horisonten til Oristano
Horisonten til Oristano
Plassering
Oristano is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Sardinia
Oristano
Borgarmeister Antonio Barberio
Geografi
Flatevidd
 - By

84,63 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

32 781
  368.30/km²
Koordinatar 39°54′N 8°35′E / 39.900°N 8.583°E / 39.900; 8.583
Høgd over havet 9 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 9170
Telefon-retningsnummer 0783
Nettstad: www.comune.oristano.it

Hovudnæringa er fiske.

Historie endre

Oristano vart under Austromarriket kalla Aristianis, men vart grunnlagd av fønikarane som byen Othoca (i dag Santa Giusta). Han vart viktig i 1070, då erkebiskop Torcotorio flytta bispesetet frå Tharros til byen, truleg som følgje av åtak frå sarasenarar. Byen vart òg nemnd som hovudstad i giudicato (tilsvarande hertug- eller kongedøme) av Arborea, og det vart bygd fleire festningsverk i byen.

I mellomalderen var Oristano ofte i krig med andre sardiske kongedømet, som enda med eit forsøk på å erobre heile øya under Mariano IV (regjerte 1347-75) og dottera hans Leonara (1375-1404). Giudicato av Arborea var det siste av dei sardiske kongedøma som vart erobra av katalanske troppar i Kongedømet AragonMacomer fall i 1478. Etter dette har Oristano følgt historia til Sardinia under spanjolane (fram til 1708) og Piemonte (frå 1720), og vart så ein del av Italia.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Oristano