Orkar

(Omdirigert frå Ork)

Orkar er monsterfigurar kjende frå ulike fantasyverk og -spel.

Teikning av ein ork.

Orkar i gammalengelsk og mellomaldersegner endre

I gammalengelske (angelsaksiske) soger kjempa Beowulf mot den vonde Grendel som skal ha nedstamma frå Orc-néas, som betyr «døde orcus». Grendel budde i ei hole som låg under vatn, nett som eit anna vesen kjent som orc i mellomalderen, spekkhoggaren. På engelsk blir spekkhoggar kalla for orca. I ei mellomalderkjelde blir desse dyra omtalte som skjela, stivbørsta og med grisetryne og støyttenner.

Orkar i Ringdrotten endre

Orkar i fantasyunivers stammar frå Ringdrotten av J.R.R. Tolkien. Tolkien tok mykje av sin inspirasjon frå soga om Beowulf. Hans orkar bur i holer i klipper, der dei tjener ein meir vondskapsfull skapning enn seg sjølv. I motsetnad til seinare orkar, til dømes i spela Warhammer og Warcraft, har ikkje orkane til Tolkien grøn hud.

Russiske soldatar endre

Under den russiske invasjonen av Ukraina i 2022 blei russiske styrkar ofte omtalte som «orkar» (орки).[1][2]

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre