Denne artikkelen handlar om vindstyrken. For uvêra som oppstår i Nord-Atlanteren og Stillehavet, sjå tropisk syklon.

Orkan er kategori 12 i Beaufortskalaen og er den sterkaste vinden på skalaen. Vindsnøggleiken er då 32,7 m/s eller 117 km/t eller høgare. I eldre sjønemning heiter vindstyrken òg orkan.

Verknaden til orkan på sjøen.

For vindstyrken orkan må vindsnøggleiken i snitt ha vore minst 32,7 m/s over 10 minutt. I den forstand opptrert orkanar i Noreg berre på sjøen og utsette stader i høgfjellet, og ein særs sjeldan gong i enkelte fjordstrøk. Vind av slik styrke kan medføre store skadar på skog og bygningar og vil i dei aller fleste tilfelle få status som ekstremvêr i Noreg. Over land vert middelvinden dempa slik at orkan nesten aldri skjer. Det kan derimot kome vindkast over 32,6 m/s som kan føre til store skadar. Uttrykket «orkan i kasta» vert derimot ikkje nytta i av meteorologar, sidan eit vindkast er ein augneblikksvind, medan orkan i denne forstanden er målt over 10 minutt og per definisjon ikkje kan vere eit vindkast.

Verknad endre

På land endre

Orkan opptrer særs sjeldan og medfører uvanleg store øydeleggingar på land.

Til sjøs endre

Til havs blir lufta fylt av skum og sjørokk som set ned sikta kraftig. Sjøen blir fullstendig kvit av drivende skum. Bølgjehøgda er gjerne over 14 m, men på grunn av det sterke vindtrykket kan bølgjene faktisk stundom verte dempa og ein kan derfor få minst like høge eller høgare bølgjer i sterk storm.

Andre språk endre

Språk Namn
Svensk Orkan
Dansk Orkan
Færøysk Ódn
Islandsk Fárviðri
Engelsk Hurricane force

Kjelder endre

  • Gustav Bjørbek (2003). Norsk vær i 110 år. Damm & Søn. s. 285-289. ISBN 82-04-08695-4. 

«» i Store norske leksikon, snl.no.